søndag 9. september 2007

Lærarens mandat og mange oppgåver


Då har me hatt ein ny time med pedagogikk, og denne gongen fekk me alle eit større innblikk i kva lærarens oppgåver består i. Eg må nok innrømma at eg blei litt skremd. Har ikkje tenkt igjennom kor mykje arbeid det faktisk dreiar seg om. Forberedingar, laga lekseplanar, planar til spesialundervisning, foreldremøter er berre noko av vannvittig mange oppgåver som ein lærar støtar på. Det er så mange som seier at lærarane har så mykje feriar og liknande, men eg vil tru at lærarane er dei som gjer mest på fritida si, i forhold til andre yrker. Den lange ferien på sommaren kan ein nesten kalla for avspasering=)

Eg trur at det ofte kan vera svært vanskeleg å vera lærar. Då me i forelesningen snakka om kva ein skulle gjere dersom ein fekk følelsen av at ikkje alt stod heilt bra til heime hos ein elev, fekk eg litt panikk. Å ta kontakt med foreldre i ein slik situasjon kan neppe vera noko enkelt. Vil tru at dette ikkje vil vera lett uansett kor mange gangar ein har gjort dette før. Som Birgit forklarte: foreldra kan ta dette til seg og reagere på så ulikt vis.

Også denne økta kom Birgit med gode tips som eg kjem til å ta med meg seinare. Til dømes det å henge seg opp i litt sære ting som ofte er litt morosamt, veit eg av erfaring at kan brenne seg på hjernen. Eit anna godt tips er å ta med seg figurar og gjenstandar som elevane kan knytta til det læraren fortel.

Som lærar vil ein møte på mange utfordringar. Oppdage og gjere noko med mobbing i skulen er kjempe viktig og noko eg meinar at alle lærarar må ta seriøst og må gå inn for å gjere noko med! Dette med å sjå den enkelte eleven og dekke denne elevens behov blir og ein kjempe-utfordring. Dessutan må ein sørge for at elevane har det bra på skulen og at dei får følelsen av å meistre, som igjen er med på å gi eit godt sjølvbilete.

På slutten av økta fekk me nokre tips til søking på internett. Eg trudde eg hadde noko lunde kontroll på dette, men tipsa me fekk her var gode å ha med. Mykje av dette visste eg ikkje frå før. Håpar eg får betre treff framover.

Etter denne litt skremande økta med pedagogikk så tenkjer eg har berre gått ein månad på lærarskulen enda, og at eg framleis har mykje eg skal læra=))

Har ikkje fått tid til å sjå på ”på eiga hand” lenkjene enda, men håpar å få tid i veka som kjem.


--------------------------------------------

Revidert 27.04.08


I Ogden blir det og skrive om kor samansatt lærarens oppgåver er i dag. Før blei det lagt mest vekt på formidlingasoppgåva, medan no har læraren i oppgåve å vera aktivitetsleiar, inspirator og rettleiar i tilegg. Ogden seier og at dagens lærar har tre aspektar. Det er undervisningsfaktoren, relasjonsfaktoren (forholdet og tilliten mellom lærar og elev) og planleggings- og organiseringsfaktoren (tilrettelegging for optimal læring). Læraryrket handlar og om elevkunnskap for blant anna å forstå til dømes læringsprosessar, motivasjon og individuelle forskjellar (Ogden 2004).


Eg har kikka litt på anbefalte lesing, spesielt på brosjyren ”Rettar og pliktar i den offentlege grunnskulen". Her står det ganske utfyllande kva rettar og pliktar skulen, elevane og foreldra har i den offentlege grunnskulen, og om samarbeidet mellom skule og heim. Eit døme på det sistnemnde kan vera i faget mat og helse. Her har foreldra plikt til å seia i frå dersom barnet deira ikkje toler ei matvare, eller at religionen til barnet/foreldra seier at enkelte matvarer ikkje kan etast. Då har skulen igjen plikt til å følgje opp dette og leggja til rette for dette i planlegginga.


Utfordringa for meg som lærar blir å sjå den enkelte elev, og vera med på å oppdra barna i samarbeid med foreldra. Som lærar har du då ganske mange barn som du skal ta del i oppdraginga. Men dette å sjå den enkelte elev trur eg er så viktig at dette eg noko som eg ynskjer å vektlegga på skulen. At eg veit når eg kjem heim etter ein skuledag, at eg har snakka med kvart av barna i klassen, slik at alle har blitt ”sett”. Klasseleiing trur eg og kan bli ein utfordring, men dette er noko som eg trur vil komma litt etter kvart, etter at eg er blitt ein meir trent og erfaren lærar. Likevel trur eg det kan ta litt tid før ein føler seg trygg på dette.


I forhold til kommentaren frå Gunnar, må eg gjenta at eg blei litt skremd etter økta. Eg fekk vel ei kjensle som spurde om eg kom til å klara alt dette. Jobben som lærar er så mykje meir enn å gå heim frå jobb, for så å ikkje tenkja meir på den før arbeidsdagen byrjar igjen dagen etter. Det er ein utruleg tidskrevjande jobb, som til tider og kan vera kjenslemessig vanskeleg.


2 kommentarer:

Mona H sa...

Heisann! Eg skal være ærlig å sei at eg blei også litt skremt av alle oppgåvene ein lærarar har idag! Også dette med omsorgssvikt og mobbing og ta stilling til det trur eg blir ein kjempe utfordring når den tid kjem! Eg synes du skriv bra,du har mange like tankar som meg ser eg :)

Gunnar sa...

Hallo.

Ser du skriv at du er skremt av dei mange oppgåvene til læraren noko eg trur er bra. Det er viktig å bli litt skremd av og til. Det er på denne måten ein får opp auga å ser korleis ting verkeleg er. Så da er det berre å ta utfordringa å stå på noko eg trur du kommer til å klara bra.

Syns det du skriv etter timen i bloggen er bra. Du tar med dei viktigaste tinga å snakker litt rundt dette. Det som eg syns kunne vore annerledes er det oppsummeringspreget eg i alle fall får etter å ha lese teksten din. Kanskje kunne du ha skrive enda meir ka du tenker, føler og meiner i tråd med økta me har hatt? Og fått vekk setninger som: I denne økta har me. På slutten av økta osv.

Prøver å vera ein kritisk venn her:) ”Feel free” til å ta igjen.
Gunnar.