torsdag 30. august 2007

Ein lærar eg alltid vil hugse!

Det var ei ny og spanande tid, me hadde byrja på ungdomsskulen. Her var det mange nye elevar, nye klassar og ikkje minst heilt nye lærarar. Klasseforstandaren vår Jan, skulle me ha i samfunnsfag, KRL, engelsk og musikk.

Jan, ein eldre mann. Liten av vekst og svært tynn. Han var grå i håret og hadde mykje rynker; meir enn andre på hans alder. Såg tydleg at det kom frå mange år med røyking. Han hadde briller, og som oftast eit smil på lur. Det viste seg fort at han var ein mann med humor. Midt i ein av forelesingane sine kunne han dra fram ein morosam spøk. Ut frå responsen fekk han og skjekka kven som verkeleg fylgde med i timen og ikkje.

Han var ein lærar som lukkast i to viktige felt. Han oppnådde respekt frå elevane, og klarte samstundes å få ein god kontakt med dei. Det var ingen som frykta han, men klassen gjorde som han sa utan å nøle. Jan interesserte seg og for det me haldt på med. På mandags morgon fekk me alltid nokre minuttar til å oppsummere helgas begivenhetar. I matfriminuttet blei han ofte igjen i klasserommet for å prata, og han fylgde godt med på kven som vann og tapte i kortspillet som elevane dreiv på med.

Sjølv om Jan var ein svært god lærar reint fagleg, så er det måten han verkeleg brydde seg om elevane sine på, som sit mest igjen hos meg. Han ville at me som elevar skulle ha det bra på skulen. Då vennegjengen min hadde storkrangel ein periode i 9 ande klasse, stilte Jan opp for oss. Han gav oss lov til å snakke ut og løyse problema våre på gangen i timane hans, og han stilte sjølv opp på fritida si som meklar. Han prøvde verkeleg å vera der for oss, og gjorde alt han kunne for å hjelpa. Han ordna til og med time til oss hos helsesystera ein time i veka som gruppeterapi. Utan hans innsats i denne perioden ville nok ikkje vennegjengen vore venner den dag i dag.

onsdag 29. august 2007

Kommunikasjon og samarbeid


Ja då var det vel strengt tatt på tide med eit innlegg om mandagens pedagogikk time. Denne dagen jobba me med kommunikasjon. Dette har eg vore litt inne på tidlegare då eg gjekk på sal og service. Men då var det meir retta mot forretning, så vinklinga mot barn var nytt for meg. At det verbale utgir 30% av kommunikasjonsprosessen og kroppsspråket gir 70% visste eg frå før, men det var godt å få ein påminning. Eg vil tru at nettopp dette er svært viktig å ha i tankane når ein er lærar. Barn vil fort merke dersom det som blir sagt ikkje stemmer med kroppsspråket.

Eg trur at god kommunikasjon er når sendaren har lukkast med å formidle det han skal. For å oppnå dette er det utruleg viktig at begge partane lyttar til kvarandre. Sendaren må velje rett koding og medium for å oppnå dette. Måten bodskapen skal seiast på må vera retta til målgruppa.

Noko som eg veit eg kjem til å ta med meg frå denne timen og ut i praksis, er tanken om kor mange av elevane i ein klasse som faktisk får med seg beskjedane som blir sagt. Som lærar må ein vera flink til, spesielt dersom ein undervisar i barneskulen, å få bekrefta frå elevane at beskjeden er mottat og oppfatta.

Eg har og fått tid til å kikka litt på nokre av lenkjene. Blei veldig fenga av artikkelen "Kroppsspråk - legg merke til signalene". Tenk så mykje ein kan lære av folk og kor mykje ein kan lese av ein person ved berre av å sjå korleis vedkommande sit på stolen sin. Men som det og stod i artikkelen; det er alltid heilheten som skal vurderast.

Siste delen av dagen på mandag hadde me miming. Dette var veldig kjekt! Ut av dette lærte eg at det er vannvittig mykje ein kan "få sagt" ved berre å bruka kroppen. Me såg og ein film som handla om kroppen og kommunikasjon. Ein interessant film med masse humor, som gjorde det veldig kjekt å sjå på!

torsdag 23. august 2007

Kvifor lærar og kvifor HSH..

Ja, kvifor lærar? Eigentleg eit godt spørsmål.. Det er litt vanskeleg å begrunne, men eg har vel alltid hatt litt lyst til å bli lærar. Det har vore eit yrke som eg har tenkt på heilt sidan barneskulen. Og det å jobbe saman med folk, og då gjerne med barn og unge har alltid vore eit "must". Dei seriøse tankane mine om å bli lærar dukka opp under ein samtale med ein av lærarane mine fyrste året på vidaregåande. Me snakka litt om kva eg kunne tenkja meg å bli i framtida, og då nemnde eg sjølvsagt lærar. Dette fekk eg ein uventa respons på. Læraren min meinte det ville vera eit godt yrkesval, då han såg mange gode eigenskapar hos meg som ville passa ein lærar.
Eg har og vurdert andre yrker, men då eg heile tida datt tilbake til læraryrket så fann eg ut at dette måtte vera det rette for meg!

Eg valte å studera på HSH fordi eg det var det næraste altvernativet. Eg ville ikkje flytta frå kjærasten min som bur her på Bømlo, og dessuten er det allti kjekt å ha mammo i nærleiken;)

Litt tankar om pedagogikkfaget.


----------------------------------------------------
Revidert 27.04.08

Ja, no har har me alt gått snart to veker her på HSH. Dei ulike faga er blitt presentert, blant anna pedagogikk. Dette faget er for meg heilt nytt, og eg trur det vil bli svært interessant! Eg trur det vil bli litt vanskeleg til å byrja med, då det er mykje nye ord og omgrep som me må bli kjent med. Fagspråket er jo alltid viktig å kunna. Eg håpar at pedagogikk blir eit fag som eg kjem til å gle meg til å ha kvar gong, og at me går innpå korleis ting fungerar i skulen. Mange godet tips som me kan ta med oss vidare og i praksis håpar eg og me får. Det tok ikkje lang tid før eg skjønte at pedagogikk kanskje er det viktigaste faget me har på allmennlærar-linja, og at det er noko som er viktig å kunna godt som ferdig utdanna lærar. Så her må det jobbast folkens!=)

Arbeid med blogg, og det å bruka blogg som arbeids- og læringsmetode er også noko heilt nytt for meg. Håpar at dette er noko som eg kjem meir inn i etterkvart..

No, etter me har hatt eit år med ped, vil eg konkludera med at forventningane i stor grad var realiteten. Eg hadde likevel ikkje venta meg på forhond at det var så pass mykje teori i faget. Men eg har aldri hatt pedagogikk før, så forventningane mine var ganske opne i utgangspunktet.

søndag 19. august 2007

Heihei!

Hei!
Eg heiter Christina Katla, er 19 år gammal og kjem frå Bømlo. Eg har tidlegare gått to år på sal og service, noko som eg synes var veldig kjekt! I fjor gjekk eg på allmenn påbygg.
Kvar fredag og laurdag jobbar eg på eit parfymeri på Bømlo. Ellers på fritida mi er eg med venene mine og kjærasten min.