onsdag 29. august 2007

Kommunikasjon og samarbeid


Ja då var det vel strengt tatt på tide med eit innlegg om mandagens pedagogikk time. Denne dagen jobba me med kommunikasjon. Dette har eg vore litt inne på tidlegare då eg gjekk på sal og service. Men då var det meir retta mot forretning, så vinklinga mot barn var nytt for meg. At det verbale utgir 30% av kommunikasjonsprosessen og kroppsspråket gir 70% visste eg frå før, men det var godt å få ein påminning. Eg vil tru at nettopp dette er svært viktig å ha i tankane når ein er lærar. Barn vil fort merke dersom det som blir sagt ikkje stemmer med kroppsspråket.

Eg trur at god kommunikasjon er når sendaren har lukkast med å formidle det han skal. For å oppnå dette er det utruleg viktig at begge partane lyttar til kvarandre. Sendaren må velje rett koding og medium for å oppnå dette. Måten bodskapen skal seiast på må vera retta til målgruppa.

Noko som eg veit eg kjem til å ta med meg frå denne timen og ut i praksis, er tanken om kor mange av elevane i ein klasse som faktisk får med seg beskjedane som blir sagt. Som lærar må ein vera flink til, spesielt dersom ein undervisar i barneskulen, å få bekrefta frå elevane at beskjeden er mottat og oppfatta.

Eg har og fått tid til å kikka litt på nokre av lenkjene. Blei veldig fenga av artikkelen "Kroppsspråk - legg merke til signalene". Tenk så mykje ein kan lære av folk og kor mykje ein kan lese av ein person ved berre av å sjå korleis vedkommande sit på stolen sin. Men som det og stod i artikkelen; det er alltid heilheten som skal vurderast.

Siste delen av dagen på mandag hadde me miming. Dette var veldig kjekt! Ut av dette lærte eg at det er vannvittig mykje ein kan "få sagt" ved berre å bruka kroppen. Me såg og ein film som handla om kroppen og kommunikasjon. Ein interessant film med masse humor, som gjorde det veldig kjekt å sjå på!

1 kommentar:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Hei, Christina...
Eg tykkjer du oppsummerar, og reflekterer godt rundt økta. Og du er flink til å setja eigne ord på fagstoffet. Kjekt at du og har kikka på lenkjene som vart lagt ut til gjennomgong på eiga hand. Så eg seier berre, fortset å stå på! Dette er bra!

Birgit :-)