torsdag 23. august 2007

Kvifor lærar og kvifor HSH..

Ja, kvifor lærar? Eigentleg eit godt spørsmål.. Det er litt vanskeleg å begrunne, men eg har vel alltid hatt litt lyst til å bli lærar. Det har vore eit yrke som eg har tenkt på heilt sidan barneskulen. Og det å jobbe saman med folk, og då gjerne med barn og unge har alltid vore eit "must". Dei seriøse tankane mine om å bli lærar dukka opp under ein samtale med ein av lærarane mine fyrste året på vidaregåande. Me snakka litt om kva eg kunne tenkja meg å bli i framtida, og då nemnde eg sjølvsagt lærar. Dette fekk eg ein uventa respons på. Læraren min meinte det ville vera eit godt yrkesval, då han såg mange gode eigenskapar hos meg som ville passa ein lærar.
Eg har og vurdert andre yrker, men då eg heile tida datt tilbake til læraryrket så fann eg ut at dette måtte vera det rette for meg!

Eg valte å studera på HSH fordi eg det var det næraste altvernativet. Eg ville ikkje flytta frå kjærasten min som bur her på Bømlo, og dessuten er det allti kjekt å ha mammo i nærleiken;)

2 kommentarer:

Gunnar sa...

Hei.

Du er no litt heldige som alltid har vist kva du vil bli. Har sjølv hatt mange fortvila stunder der eg ikkje har hatt aning om kva eg ville gjera. Trur nok lærar yrket kan bli både utfordrande å kjekt. Ellers er det alltid kjekt å havne i klasse med andre Bømlinger. Kjekt å ha nokom å pendal med:)

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Så kjekt å få bekrefta ein tanke som ein har gått og "ruga" på i høve til yrke, frå ein lærar som såg potensiale i ein. Det var gode skussmål! Og når det gjeld det å ha nærleiken til kjærast og "mammo", så er jo det og heilt forståeleg.

Birgit :-)