onsdag 30. april 2008

Refleksjonsnotat

Ja då går me mot slutten av det som for meg har vore det fyrste året på høgskule og lærarutdanninga. Det er merkeleg kor fort tida går, eg synes ikkje det er lenge sidan me gjekk på skattejakt.

Pedagogikkfaget har vore heilt nytt for meg. I haust var eg spent på korleis dette faget kom til å bli, og eg hadde forventningar til at dette skulle vera faget som skulle krydra vekene på HSH. Eg må sei at forventningane har levd opp og eg har gleda meg til desse timane som me har hatt saman med Birgit. Faget har vore svært variert, med alt frå vanlege undervisningstimar, filmsjåing, gruppearbeid, framlegging, timar med IKT og blogg. Dessutan har Birgit lært oss korleis ein liten ting kan variera skuledagen i stor grad. Arbeidet med blogg må eg innrømma til tider har vore eit ork. Men dette er jo fordi me har blitt tvinga til å blogga etter kvar forelesing. Eg ser jo likevel det utrulege læringsutbyttet som eg har fått av dette. Hadde me ikkje hatt bloggen, hadde eg nok ikkje sett meg så godt inn i stoffet, som det eg har gjort. Med bloggen så har eg fått gjort fagstoffet om til mitt eige, og tatt med det som eg har følt har vore relevant. Det er no på slutten at eg verkeleg har blitt glad i bloggen, for no ser eg kva den har gitt meg i form av læring. Kritisk ven og det å lesa andre sine bloggar har og gitt meg mykje. Eg håpar at me får ha blogg til neste år og, for eg ser at dette hjelper meg til å jobba kontinuerleg gjennom heile året. Ein utruleg lærerik eksamensform.

Me har hatt mange gode undervisningstimar som har gitt meg mykje i pedagogikk. Økta om kommunikasjon og samarbeid er utruleg sentral og sit framleis sterkt i minne hos meg. Det var viktig at denne økta kom før me hadde starta i praksis, for innhaldet i denne forelesninga er heilt sentralt. Dette med kroppsspråk til dømes, er kjempe viktig å tenkja på når ein er ute i skulen, og eg hadde det i minne heile tida medan eg var i praksis. Timane på hausten og lærarens mange oppgåver og undervisningsplanlegging var og veldig interessante timar. Eg føler at me på hausten fokuserte mest på læraren, og deira oppgåver, medan fokuset på våren låg meir på eleven og barnet. På våren hadde me jo timar om sjølvbilete, motivasjon, spesialpedagogikk osv.. Dette er tema som eg synes er spesielt interessant. I praksis har eg jo sett kor vanskeleg det kan vera til tider å motivera elevane til å arbeida. Og kva gjer du som lærar då? Eg håpar me får læra enda meir om dette temaet til neste år.

Me har og jobba mykje i praksisgruppene i pedagogikkfaget. Me har jobba saman i forhold til gruppearbeid/ oppgåveskriving og praksis. Å jobba saman i grupper, er for meg veldig nyttig. Eg synes praksisgruppa vår har fungert veldig bra. Me har vore ærlege med kvarandre, og me har alltid kunna sagt meiningane våre. Derfor har det og blitt ein del diskusjonar i løpet av året. Dette er noko som eg ser på som veldig positivt. Med diskusjonar får ein fram ulike meiningar, og for meg er dette ein god måte å læra på.

I praksis har eg lært utruleg mykje. Det er her eg har sett korleis det som me har lært på forelesingane er i røynda: motivasjon, undervisningsplanlegging, lærarens mange oppgåver, barn og nye medium er døme på tema eg tenkje på då. Det er merkeleg å tenkja på kor mykje eg føler eg har utvikla meg, berre på dei seks vekene me til saman har vore i praksis i år. Fyrste veka grua eg meg jo nesten til å gå rundt å hjelpa elevane når dei satt å jobba med oppgåver. Den andre praksisperioden var dette heilt borte, men så grua eg meg til å undervisa i staden for. Tredje perioden no på våren så følte eg meg enda tryggare på undervisninga og. Ja, praksis har vore nyttig! Det er tross alt lærar me skal bli, og det er her me verkeleg lærer og får prøvd oss ut. Eg sjølv er ein person som lærer best i samspel med andre, og det er kanskje derfor at eg la meg på denne pedagogiske plattforma då me starta å jobba med dei ulike pedagogiske paradigma i haust. Eg falt med ein gong for Vygotsky sin proksimale utviklingssone og Jerome Bruner sin stillasteori, noko som eg enda synes er viktige teoriar. Etter kvart som eg har fått lest meir pensum, vore i praksis og jobba med oppgåveskriving, har eg lært enda meir om dei ulike grunnsyna. Eg har no sett at det ikkje berre er det sosiokulturelle synet som har viktige poeng. Til dømes likar eg holdninga i Behaviorismen som seier at alle kan læra. Dei ser derfor på tilpassa opplæring som at læring tar lenger tid hos nokon enn hos andre. Eg trur og at elevar lærer ved å erfara (konstruktivismen). Men framleis held eg ekstra fast på tanken om at barn lærer i samspel med andre. Eg trur at som lærar er det viktig at ein er klar over alle dei pedagogiske læringssyna, og at ein kan nytta litt av alt, sjølv om ein har utvikla sitt eige grunnsyn. Det eg i alle fall er sikker på er at barn lærer ulikt. Eg meinar at læraren derfor må variera undervisningsmåtane sine, slik at alle elevane på eit tidspunkt skal få oppleva undervisninga på ein måte som dei lærer best på.

Så var det oppgåveskriving då. Eg hadde ikkje så mykje erfaringar frå det området før eg kom på høgskulen. Og eg er derfor evig takknemleg for at Gry og Birgit tok på seg bryet med å retta matte/ped oppgåva, for så å gi den tilbake til oss, slik at me kunne retta feila. Dette er ein utruleg lærerik prosess, som eg trur veldig mange av mine medstudentar kan seia seg einig i. Dette har i alle fall eg lært mykje av! Motivasjonsoppgåva var og svært interessant å jobba med. Her jobba me i praksisgruppene. Det passa veldig godt å jobba med den oppgåva i grupper, fordi temaet var sentralt og med stort rom for diskusjon. Bloggen har og hjelpt meg til å bli ein betre skrivar. I alt me har gjort i pedagogikk har me heile tida fått rettleiing og vurdering. Eg trur aldri eg har fått så god rettleiing før på skulen, så dette skal eg ta med meg vidare slik at eg og kan bli ein god rettleiar ein dag.

Lærarrolla mi har så vidt starta å spira. Eg vil sei at det er praksisperiodane, og spesielt dei tre vekene me hadde på våren, har gitt meg det største sparket. Eg har lært så mykje dette året, men føler på ingen måte at eg er utlært. Eg ser fram til neste år, då me skal ha meir pedagogikk. Det er på alle måtar eit spennande fag som eg gler meg til å læra meir om. Eg håpar berre så inderleg at me får fortsetja med å ha Birgit til neste år. Hadde det ikkje vore for Birgit, hadde ikkje dette faget vore i nærleiken så interessant!

mandag 21. april 2008

Skulefrukost


Førre måndag hadde me skulefrukost på Børtveit. Ein fin tradisjon som Birgit visstnok har gjennomført tre gongar no. Alle hadde hatt med eit bidrag kvar til frukosten, så me hadde mykje god mat på bordet. Sjølv om dette var avslutninga vår i pedagogikkfaget, så synes eg Birgit nok ein gong viste korleis ein kan variera skuledagen. Eg har fått mange tips frå Birgit gjennom året om korleis ein kan variera dagen. Håpar eg kan nytta desse tipsa ein dag!

Etter me hadde ete oss mette, flytta me oss til ”lille aud” der me skulle sjå dei samansette tekstane som me har laga. Alle blei vist, og eg må sei at det var veldig mange gode samansette tekstar. Det er kjekt og lærerikt å sjå korleis andre har løyst denne oppgåva.

Veiledning og Vurdering- to sider av samme sak



Vurdering og rettleiing er ei stor oppgåve som læraren har, og denne oppgåva har fått stort fokus i kunnskapsløftet. Å vurdera er ikkje noko enkel oppgåve, og det merka eg og godt då eg var i praksis. Det var ikkje like lett å skriva tilbaklemeldingar på arbeidet som elevane hadde gjort. Men ein må hugsa på at vurdering er utruleg viktig for eleven, og dei fleste elevar likar faktisk å bli vurdert. For elevens skyld er vurdering viktig for det gir lystfølelse til læring(motivasjon) og fordi eleven får vita kva som skal til for at arbeidet skal bli betre.

Det finnes to ulike typar vurdering, og det er formativ vurdering og summativ vurdering. Formativ vurdering er det ein elev får gjennom heile året, gjennom tilbakemeldingar. Formativ vurdering skal gje grunnlag for forbetring i dei ulike faga. Summativ vurdering derimot er vurdering av elevens kompetansenivå etter året er omme.

Boka til Helle seier noko om korleis tilbakemeldinga bør vera. Mange viktige punkt, men eg meinar personleg at punkt nummer to og tre er dei aller viktigaste.

· Tilbakemelding må vera spontan
· Tilbakemelding må vera ekta
· Tilbakemelding skal vera konkret og grunngjeven
· Tilbakemelding skal ta utgangspunkt i tidlegare prestasjonar
· Tibakemelding skal signalisera at liknande meistring kan ventast i framtida
· Tibakemeldinga må vera meir oppteken av det eleven meistrar enn motsatt.
(Helle, L 2007)

Rettleiing forutset at det er ein dialog, og ein dialog kan vera både skriftleg og munnleg. Rettleiing er både eit saksforhold (at det kan gjelda både fag og personlege ting) og ein relasjon. Relasjonen er likeverdig og men den er som oftast asymmetrisk. I denne samanhengen vil det seia at rettleiaren har meir kompetanse og kunnskap enn den som blir rettleia. Å vera ein god rettleiar kan vera vanskeleg. Men kva det eigentleg inneber ligg i ordet; Ein skal leia eleven på rett veg. Eg trur det er viktig å stilla gode spørsmål, slik at eleven skal få tenkja litt sjølv og at ein på denne måten kan vera utforskande saman.

Vurdering finnes på tre ulike nivå. Det er samfunnsnivå, skulenivå og individnivå. Samfunnsnivå går på nasjonale prøvar og eksamensresultat. Det som ligg på samfunnsnivået skal ikkje kunna sporast tilbake til den enkelte skule eller elev. Skulenivå er til dømes resultat på vitnemål. Dette skal ikkje kunna sporast tilbake på individ. Individnivå handlar om vurdering av ulike aktivitetar eller prøvar.

Dei ulike teoretiske perspektiva har forskjellige tankar om vurdering. Det sosiokulturelle læringsperspektivet meinar at det er sentralt at eleven skal få ta del i sin eigen vurdering. Vurderinga skal vera ein integrert del av læringa og den skal fremja og forbetra læringa.

På slutten av denne økta fekk me ei gruppeoppgave som gjekk ut på å vurdere ein elevtekst. Teksten var eit eventyr, men mange sjangertrekk der det kom tydeleg fram at eleven hadde leseerfaring frå eventyr. Eleven hadde brukt denne kunnskapen til å lage sitt heilt eige eventyr. På gruppa fann me ut at teksten var svært bra skriven, sjølv om det var litt skrivefeil og feil teiknsetjing i blant. Å formulera ei god tilbakemelding var likevel ikkje enkelt. Me fekk likevel fram på papiret kva me synes kunne vore ei god og konstruktiv tilbakemelding. Me la fram alt me synes var positivt og gav nokre tips til kva eleven kunne jobba vidare med. I tilbakemeldinga prøvde me, sjølv om det ikkje var enkelt, å unngå ord som men, fordi dette ordet kan vera med på å øydeleggja det positive i tilbakemeldinga.

lørdag 5. april 2008

Tilpassa opplæring

-------------------------
Revidert 30.04.08

Tilpassa opplæring er noko som er komen skikkeleg på bana no i seinare tid. Det har vel aldri vore meir diskutert som no, sjølv om Johan Amos Comenius snakka om dette allereie på 1600 talet.

Når me snakkar om tilpassa opplæring er det mange som koplar dette til spesialundervisning. Desse to tinga er litt forskjellige. Dersom eg har forstått det rett handlar spesialundervisning meir om elevar som har absolutte spesielle behov, gjerne ”paragrafelevar” som mange seier i daglegtalen. Altså, elevar som ikkje kan ta god nok nytte av vanleg undervisning. Her blir midlar som skulen får nytta for å gi desse elevane den undervisninga og oppfølginga som dei treng. Tilpassa opplæring er noko som lærarane er pålagde å gjennomføra. Dette går ut på å sjå den enkelte elev og at alle elevane i ein klasse skal få undervisning og oppgåver som er tilpassa deira nivå. Det er kanskje lett å tenkja at tanken med dette er at elevar som ligg under gjennomsnittet skal få ein moglegheit til henga med. Men her er det og veldig viktig å ta vare på dei flinke elevane. Desse elevane har rett på litt utfordringar dei og.

Lærarane er altså pålagde å leggja til rette for tilpassa opplæring. Det er det styringsdokumentet opplæringslova som seier noko om. LK06 er og eit viktig styringsdokument som skulen og læraren skal fylgja. Læreplanen inneheld ei mengd med kompetansemål, som seier noko om kva elevane skal kunna etter dei forskjellige årstrinna. Desse måla er det læraren og ikkje elevane som skal ha kjennskap til. Elevane kan få omformulerte mål, slik at dei veit om dei har nådd målet eller ikkje, og at dei veit kva målen inneberer.

Sjølv om det kan høyrast lett ut, er det vanskeleg å få til tilpassa opplæring i skulen. Som lærar er du ofta den einaste læraren saman med ein klasse på kanskje 25. Då er det ikkje like enkelt å passa på at alle elevane dine får undervisning på sitt nivå. Dessutan krev det nok ein del ekstra tid med forberedingar. Men noko som eg synes at ein lærar alltid bør gjera det er å variera undervisninga. Dersom ein lærar varierer måten han/ho underviser på, er sjansen større for at fleire elevar har fått jobba på ein måte som dei trivest med. Og dermed har fleire elevar fått opplevd meistring i løpet av skuledagen, noko eg ser på som veldig viktig.

Det sosiokulturelle synet meiner og at undervisninga skal vera tilpassa. Vygotsky og hans proksimale utviklingssone seier at undervisninga skal ikkje vera på elevane sitt nivå, men det skal leggast litt høgare, slik at elevane skal kunna ha noko å strekkja seg etter. Nivået må sjølvsagt heller ikkje leggast så høgt at det ligg utanfor barnas rekkevidde. Dette nivået som elevane skal strekka seg etter må sjølvsagt vera ulik frå elev til elev, sidan alle elevar er forskjellige og ligg på ulike nivå i utgangspunktet= tilpassa opplæring. (Imsen 2005)

På slutten av pedagogikk økta, hadde me eit kortgruppearbeid. Oppgåva var: ”Skisser (konkret) fire moglege måtar å gjennomføra tilpassa opplæring på” og ”Velg ein av dei og planlegg eit undervisningsopplegg der det vert teke omsyn til nivå, fag, gruppe”. Eg var på gruppa saman med Mariann, Franny, Grethe og Cato. Dei fira måtane å gjennomføra tilpassa opplæring på som me fann var:

1. Nivåinndeling. Her tenkte me meir konkret gruppeundervisning der klassen td. blir delt inn i tre og får undervisning og oppgåver på sitt nivå. Det som er mindre bra med denne metoden er at det set krav til fleire enn ein lærar, og ein må ha fleire rom til disposisjon.

2. I.U.P. Dette er noko som eg har høyrt at Langeland skule har byrja med, men eg har ikkje vore borti det sjølv i praksis. Elevane jobbar her med individuelle mål som dei skal nå.

3. Leselystprosjekt. Noko som dei og held på med på Langeland skule i femte klasse. Elevane vel bøker som dei skal lesa. Bøkene har fire forskjellige nivå, og elevane vel det nivået som dei klarar. Etter boka er lest, får dei oppgåver knytta til bokas innhald.

4. Elevbedrift. (me valte og denne som utgongspunkt til den siste oppgåva.) For å laga ei godt elevbedrift må elevane:
a. Laga og gjennomføra ein markedsundersøkelse.
b. Oppretta ein konto
c. Registrera seg i Brønnøysund.
d. Laga stillingsannonser der elevane må tenkja etter kva eigenskapar ein må ha for å vera kvalifisert til den aktuelle stillingen. (Stillingane kan vera: dagleg leiar, innkjøpssjef, økonomisjef, salssjef, produksjonssjef ol.)
e. Søkja etter jobb. Då må eleven skriva skriva søknad og så gå på intervju.
f. Laga menyar, kanskje på fleire språk?
g. Elevbedrifta må ha jamne møter, og det må skrivast referat frå dei.

Ved å ta i bruk elevbedrift, kan ein klara å fletta inn dei fleste fag. Det er og lett å få til tilpassa opplæring, ettersom læraren gir ut stillingane. Det er mange oppgåver som skal gjerast i ei bedrift, og desse har mange ulike nivå. Dessutan er dette noko som gruppa skal stå saman om, og derfor må dei læra av kvarandre.

Yrkesetisk seminar

Rett etter påske starta me med yrkesetisk seminar. Eit utruleg viktig tema for lærarar! Lærarar vil ofte komma opp i vanskelege situasjonar der ein kan stå fast og ein kan lura på kva som er rett og gale i den aktuelle situasjonen. Dei dagane som me jobba med dette på skulen, fekk me fire case som me skulle ”løysa” med akkurat slike vanskelege situasjonar.

Me blei denne gongen delt inn i grupper på tvers av klassane. Dette synes eg fungerte veldig godt, og samarbeidet gjekk strålande, sjølv om ikkje alle kjente kvarandre like godt. Me var både einige og uenige, noko som førte til eit par diskusjonar. Det er sunt og lærerikt med litt diskusjon, og det har sin plass når me jobba med eit slikt tema som yrkesetikk.

Me fekk fira case, som me skulle arbeida med. På kvar av desse så skulle me definera kva det grunnleggande problemet var og kva handlingsalternativ som var aktuelle. Me skulle vidare sjå på konsekvensetikk og pliktetikk som følgje av dei ulike handlingsalternativa. Konsekvensetikk og pliktetikk var litt vanskeleg å skilja i starten, men heilt kort kom me fram til at konsekvensetikk går på kva konsekvens dei ulike handlingane vil få. Pliktetikk handlar meir om lovar og reglar, anten dei er nedskrivne eller uskrivne lovar. Konsekvensetikk og pliktetikk kan og gå litt inn i kvarandre.

Det var utruleg kjekt å jobba med case, ettersom alle dei fire var situasjonar som me synes var realistiske. Klart at det hadde vore enda lettare dersom case’ane gav enda meir informasjon, men alt i alt synes eg case’ane var greie og kjekke å jobba med.

Ein del av det yrkesetiske seminaret var og å skriva ned ti bod for lærarar, og så skulle me rangere dei slik at den viktigaste kom på toppen. Det var eigentleg ikkje noko problem å komma på ti bod, men det var vanskeleg å rangere dei. Me følte at alle var kjempeviktige, men på kvar sin måte. Her er gruppa mi (meg, Charlotte, Line og Liv) sine ti bod:

1. Læraren skal møta elevane med et opent sinn.
2. Læraren skal holda taushetsplikta si.
3. Læraren skal vera eit godt forbilde.
4. Læraren skal respektera sine elevar.
5. Læraren skal vida omsorg og interesse for elevane.
6. Læraren skal legga opp til tilpassa opplæring.
7. Læraren skal ha eit godt samarbeid med elevens foreldre/ foresatte.
8. Læraren skal alltid komma forberedt til timane.
9. Læraren skal vera aktiv og engasjert i sitt arbeid.
10. Læraren skal vera imøtekommande i forhold til sine kollegar.

På fredagen skulle me legga fram casane. Måten dette var lagt opp synes eg var veldig bra. Me visste ikkje på forhand kva case vår gruppe skulle presentere før på fredagen. Då måtte jo alle gruppene jobba godt med alle oppgåvene, og dette var igjen positivt for å kunna ha diskusjon i klassen på dei forskjellige casane. Diskusjonane i klassen på fredagen var det i alle fall ingenting å seia på;)

Praksis veke 9, 10 og 11

Ja då var me ferdige med praksisen dette året. Det har vore utruleg lærerikt, og spesielt lærerikt har det vore denne siste perioden. Det har vore ei fryd å vera på Langeland skule, og eg har trivst veldig godt. Eg har trivst saman med øvingslærarane, med praksisgruppa, på teamet (som og inneber Charlotte og Franny), og eg har likt meg godt saman med elevane i klassen. Praksisgruppa og Charlotte og Franny har jobba utruleg godt saman. Me har hjelpt kvarandre med undervisningsøktene og komme med innspel. Øvingslærarane har og gjort ein kjempejobb med å rettleia oss i forhold til timane dersom det har vore behov.

Denne praksisperioden føler eg at eg har utvikla meg som lærar, kommen eit lite steg på veg i forhold til førre periode på hausten. Eg har klart å sleppa meg litt meir laus no, og er meir komfortabel i undervisningssituasjonen enn det som eg var i haust. Då var jo alt heilt nytt, mens denne perioden var ting meir kjent, og det tok ikkje så lang tid før eg klarte å slappa av. Målet mitt for perioden var at eg alltid skulle vera ute i god tid, og alltid vera forberedt til timane som eg hadde ansvar for. Å vera godt førebudd til ein time trur eg er heilt grunnleggande for at timen skal gå bra. Dessutan oppnår ein respekt hos elevane ved å visa at du kan stoffet. Eg vil sei at dette har gått veldi bra, og at eg har klart å nå målet mitt. Likevel så må det vel seiast at ein aldri kan vera FORBEREDT NOK til ein time. Det er ofte noko som ikkje går heilt som planlagt, enten det er noko som oppstår, eller om det berre er mangel på ekstraoppgåver.

Sjølv har eg vel har mest ansvar for KRL og norsk timane. Eg har hatt ”vanleg undervisning ”, eg har brukt konkretiseringsmiddel og data og eg har td hatt quiz. Eg håpar at dei varierte timane som eg har hatt, og som dei andre på gruppa mi har hatt, kan ha vore med på at alle elevane har fått jobba litt på ”sin” måte, på ein måte som dei lærer på og får eit godt utbytte av. Ettersom me har vore opptil 6-7 studentar/lærarar i ein klasse, så er det lett å sjå kor stor nytte ein kan ta av det. Eg trur og håpar at alle elevane har følt seg sett kvar dag, og har fått den hjelpa som har vore nødvendig for dei.

Studentane på sjette klasse trinnet har saman laga vekeplan, lekseplan med mål for veka og måltest til kvar veke som me har vore her. Me har hatt ansvar for alle norsk, KRL, matte og naturfag/samfunnsfag timane og ein del til. Me har og retta alle leksene til elevane kvar veke. Ja, me har vel hatt mykje meir ansvar dette perioden enn tidlegare, og det har eg lært mykje av. Me har og fått vore med på å førebu og gjennomføra ein Solidaritetsdag; ein dag der skulen samlar inn pengar til eit godt formål. Her har elevane kafeteria, loppemarknad, konkurransar. Dei sel lodd, viser kino, utstillingar og har underhaldning, der alt kostar litt for å få inn pengar til det gode formålet. Dei sel og varer som elevane sjølv har laga. Dette var me studentar med å hjelpte mykje til med. Eg og Mariann hadde til dømes ansvar for å laga drops, eit veldig vellykka prosjekt

Det er trist at praksisen for dette året no er over, og kunne vel godt tenkt meg at det var litt meir praksis..:) det var vemodig å forlata elevane no, no som me nett var blitt så godt kjende med dei. Det er klart at eg har merka at jobben som lærar har vore litt enklare og ikkje minst kjekkare no som me byrja å kjenna den enkelte elev. At det var så vanskeleg å forlata elevane som me har vore i klassen med i til saman seks veker, gjer meg eit visst inntrykk om kor vanskeleg og spesielt det må vera å gi frå seg ein klasse som du har hatt i sju år...

Ynskjeøkt, spesialpedagogikk


Barn lærer best på forskjellige måter. Dersom elevane får jobba på ein måte som dei lærer best på, og dei får jobba på sitt nivå, snakkar me om tilpassa opplæring. Spesialundervisning er når barna har heilt spesielle behov, til dømes dersom dei har dysleksi, sit i rullestol eller dersom eleven har det vanskeleg i heimen (at eleven har ein funksjonssvikt). Ein kan derfor sei at spesialundervisning er ei form for tilpassa opplæring. Det går på at elevane skal få læra på ein måte som gjer at dei forstår og at undervisninga blir meiningsfylt for den einskilde.

At eleven har ein form for funksjonssivt, kan vera vanskeleg å oppdaga. Eg synes det er viktig at lærarane har eit opent sinn, og at dei får eleven testa dersom det oppstår mistankar om noko. Det er altfor mange som fyrst på ungdomstrinnet har fått veta at dei har til dømes har dyskeksi, fordi tidlegare lærarar ikkje har tatt tak i problemet. Lese og skrivevanskar er ganske vanleg i dag, der det visar seg at det i gjennomsnittleg per klasse (på ca 25 elevar) er 1-2 elevar med lese- og skrivevanskar. For å ta ein liten ”skjekk” i dette, spurde eg syster mi, som går i niande klasse, om kor mange det var i hennar klasse med lese- og skrivevanskar. Eg må sei eg blei overraska! I klassen hennar var utfallet 10 av 30 elevar. Det vil seie at ein tredjedel i klassen hennar har ein eller annan form for dysleksi…

Dyskalkuli er ein samlebetegnelse på ”spesifikke lærevanskar i matematikk”. Dette er ikkje så vanleg som dysleksi, og heller ikkje så allment kjent trur eg. Eg hadde ikkje høyrt om dette før eg byrja på lærarskulen. ADHD er og noko som fleire barn slit med. Det ein hjernedysfunksjon som resulterer i konsentrasjonssvikt med hyperaktivitet. I tillegg finnes det mange elevar som slit med sosiale problem. Så kva skal læraren gjera i slike situasjonar? Læraren treng klart spesial kompetanse i slike høve. For vanlege lærarar ligg ansvaret på det å melda i frå slik at spesialpedagogisk hjelpesystem kan bli kontakta. I følgje opplæringslova §5 har eleven rett til hjelp, og det er skuleleiinga som har det formelle ansvaret. Nokre elevar får kanskje tildelt ressursar og må då undervisast etter ein individuell opplæringsplan.

Den norske skulen satsar i dag på å integrera alle i eit klasseromma sjølv om det er elevar som har spesielle behov. Eg vil tru at det derfor vil vera ,og at det er eit stort behov for lærar med spesialpedagogikk. Alle lærarane må i uansett ha god kjennskap til dei ulike behova og diagnosane som finner stad i klassen. Eg meinar at ein integrert skule i mange samanhengar er positivt, men at det og kan slå ut feil veg. Det kjem heilt an på eleven og kva behov det er snakk om. Eg hugsar godt sjølv frå eigen skulegong at det var mange elevar i klassen som blei ut frå timen, for å få eigen undervisning. Det som eg synes eg viktigast å tenkja på i denne samanhengen er at elevens behov skal komma i fyrste rekkje.

Sjølvbilete


Sjølvbilete dreiar seg om korleis me ser på oss sjølve som person, og dei tankane og følelsane me har om oss sjølve. I Imsen står det skildra om sjølvet: sjølvet er ”noe aktivt og dynamisk som samordner opplevelser og, som regulerer atferd i forhold til de sosiale omgivelsene, og som i det hele tatt bevarer oss selv som et integrert hele.” Sjølvet kan delast inn i to. Det er ”eg”, som er det ubevisste, og kjem fram i vår bevissthet som eit minne i etterkant. Den andre delen er bevisst og er ”meg”. Altså, det ubevisste er ting som ein gjer automatisk utan at du tenkjer at du gjer det, td å opne ei dør eller at klør deg på armen. Du gjer og mange ting bevisst, at du har tenkt gjennom det på forhand før du gjer noko, som å velja kva aktivitet du vil driva på med i fritida.

Sjølvbiletet og identiteten vår utviklar og endrar seg stadig. Derfor er dette noko som lærarar må tenkja mykje på. Me som lærarar har innverknad på korleis barna ser på seg sjølve. Me må passa på kva me seier til dei, og korleis me seier det (toneleie og kroppsspråk) fordi barn og andre fort tar til seg kva andre/omgivnadane synes om oss. Dette er og noko som eg har merka meg godt i praksis. Det har fleire gongar oppstått konfliktar på grunn av noko som har blitt sagt frå den eine til den andre. Når det då oppstår ein konflikt, tyder dette på at elevane tar til seg det som er blitt sagt om han/ho.

På slutten av denne dagen hadde me eit gruppearbeid. Problemstillinga som me skulle lesa om, og så drøfta på gruppa av: ”Den norske skulen har eit kjønnsproblem!" Dette er eit interessant tema å diskutera. Kvifor er det slik at gutar tolkar suksess med indre faktorar, og nederlag med ytre faktorar, medan det ofte er det motsette med jenter? Det vil altså sei at gutar ofte har stor tru på seg sjølv, medan jentene har eit dårlegare sjølvbilete og mindre tru på eigne evner. Svaret på problemstillinga er ikkje så lett å komma fram til, men eg trur ikkje at det er noko kjønnsproblem i skulen. I skulen skal jo alle elevane behandlast individuelt. Kjønnsforskjellane trur eg er noko biologisk, eller så kjem dei tidleg i oppveksten. Eg trur uansett ikkje at det eit problem i skulen. Er det i det heile eit problem at det er litt forskjell mellom kjønna?

torsdag 20. mars 2008

Motivasjon

-------------------
Revidert 30.04.08

Då me hadde ei økt om motivasjon, skulle me studentar få velja om me ville ha ein vanleg forelesning, eller om me ville jobba med stoffet i grupper, og klassen stemte for å jobba i grupper. Me blei så delt inn i grupper på ein litt vanskeleg og veldig rotete måte. Eg trur ikkje eg kjem til å bruka denne inndelinga i skulen. Den var forvirrande, og eg trur at dersom ein skulle gjennomført dette i ein klasse i barneskulen, ville det blitt enda meir rot. Arbeidsmetoden som me brukte då me endeleg fann gruppene våre var heller ikkje så god synes eg. Me skulle sitja å lesa for oss sjølv, og så i lag. Dette er kanskje ein god arbeidsmetode for nokon, men det visar jo at me alle lærer forskjellig. Poenget med metoden var at alle på gruppa skulle sitja igjen med den same kunnskapen. Eit godt mål, men ikkje så lett å oppnå, synes eg.

Motivasjon er ein utruleg viktig faktor i skulen. Elevane må vera motiverte for at dei skal kunna gjera eit godt arbeid. Men kva er så motivasjon? I Imsen står det at motivasjon blir definerst som ”det som forårsaker aktivitet hos individet, det som holder denne aktiviteten ved like, og det som gir den mål og meining.”I Imsen står det og, som eg synes var veldig godt skrive at: ”motivasjon handler om hvordan følelser, tanker og fornuft tvinner seg sammen og gir farge og glød til de handlingene vi utfører.” grunnlaget for all motivasjon er altså kjensler.

Det finnes to ulike former for motivasjon, og det er indre og ytre motivasjon. Det er indre motivasjon dersom ein blir motivert ut frå indre krefter. Denne motivasjonen blir holdt ved like til dømes dersom ein har interesse for eit tema og at det derfor føles som meiningsfylt å holda på med aktiviteten. Dersom me snakkar om ytre motivasjon handlar det meir om at læringa blir holdt ved like fordi at individet ønsker å oppnå ei belønning. Kanskje me kan sei at indre motivasjon er langvarig og ytre motivasjon er meir kortsiktig? Indre motivasjon er og det som blir sett på som ideelt, i alle fall meinar eg det. Kven vil ikkje at elevane skal arbeida ut frå indre krefter og fordi dei verkeleg vil? Ytre motivasjon kan og bli til indre motivasjon. Eit barn som ikkje er motivert og ikkje får til noko i det heile, kan lett motiverast av læraren gjennom ytre motivasjon. Dersom eleven då starta å jobba og etterkvart får oppgåvene til, kan dette føra til at eleven starta å jobba ut frå indre motivasjon, fordi han synes det er kjekt.

Me har og noko som blir kalla for prestasjonsmotivasjon. i Imsen (2005: 392) står det: "prestasjonsmotivasjon er betegnelse på trangen vi har til å utføre noe som er bra i forhold til en eller annen kvalitetsstandard". Altså då er eleven sterkt motivert for å prestera , og ønsker å lukkast. Det treng ikkje vera for å få ros eller status, men kanskje rett og slett berre for at eleven har eit ynskje om å gjera det bra.

Ein kan sjå på motivasjon gjennom behavioristisk perspektiv, kognitivt perspektiv og humanistisk perspetkiv. Det behavioristiske perspektivet legg vekt på belønning og straff. Det kognitive perspektivet seier noko om at forventingar og verdiar har betydning for motivasjonen, og at motivasjonen blir påverka av korleis personen ser på seg sjølv. Det humanistiske perspektivet meinar at medfødte og tillærte behov kan liggja til grunn for motivasjon. Her kjem Maslow sin behovspyramide inn. Den har desse inndelingane:


Behov for sjølvrealisering

Statusbehov

Sosiale behov

Tryggleiksbehov

Fysiologiske behov

Desse fem nivå bygger på kvarandre og må sjåast i samanheng.

Motivasjon er grunnleggande for at elevar skal kunna læra godt på skulen. Alle barn er forskjellige, og det kan vera mange ulike grunnar til at barn er motiverte eller umotiverte på skulen. Nokon blir motiverte av å ha foreldre som forventar gode resultat, andre blir motiverte fordi eit tema i eit fag er av spesiell interesse og andre barn er kanskje ikkje motiverte til noko i det heile. Sistnemnte kan ha svært mange ulike grunnar. Eg trur at motivet ofte er det som driv motivasjonen. Noko som då kan vera eit stort problem for lærarar er korleis ein skal motivera slike elevar som aldri heng med på grunn av dårleg motivasjon. Ei veldig vanskeleg oppgåve vil eg påstå..

onsdag 6. februar 2008

Punktpraksis- planlegging og gjennomføring.

9 januar var me i praksis, for å sjå og observera korleis langeland skule brukar ikt i undervisninga. Denne dagen var Ikt lagt opp til KRL faget. Sjølv om me denne dagen var ein lærar og fire studentar, så ville praksislæraren vår visa oss korleis ho kunne gjennomføre dette opplegget dersom ho skulle gjere det åleine. Ho nytta to klasserom denne dagen, som ligg vegg i vegg, og klassen blei delt i to. Dagen starta samla der læraren fortalde elevane ei historie. Elevane blei så delt i to, der halvparten skulle bruka data til å svara på spørsmål frå historia, ved bruk at tekstbehandlingsprogram. Her måtte dei gå inn på fronter for å lasta ned oppgåvene sjølve. Den andre halvdelen sat i det andre å teikna ein teikneserie som og hadde utgongspunkt i den same historia. Her begrunna praksislæraren med at teikning var eit sjølvstendig arbeid, som krevde lite hjelp frå vaksen. Derfor kunne dei i stor grad vera sjølvstendige medan ho var mest inne i klasserommet med dei som arbeida med data. På denne måten kunne ein klara å gjennomføra dette, sjølv om det berre var ein vaksen tilstade. Klassen bytta sjølvsagt etterpå, slik at alle fekk både teikna og vera på data.

Så var det å planlegga ein dag sjølv, med bruk av digitale verktøy som fokus. Me jobba då saman med studentane frå 6b, då me ville køyra det same opplegget i begge klassane. Det blei litt diskusjon om kva me ville gjennomføra. Men alt lar seg ikkje gjennomføra like bra, ettersom klassane på langeland ikkje har så mange datamaskinar til rådigheit som det burde vore. Til slutt enda me på at me ville læra elevane om power point. Dette hadde dei tilgong til på maskinane og med eit slikt opplegg kan ein dela klassane i grupper, slik at det blir nok maskinar til alle. (ein maskin per gruppe)

Opplegget vårt var at elevane i grupper på tre skulle velja eit av tre emne som dei skulle laga ein presentasjon av. Emna dei kunne velje mellom var dyr, sport og land i norden. Her fann me bilete i forkant som gjaldt emna, slik at elevane ikkje skulle gå på nettet å lasta ned ulovelege bilete. Me fann bileta blant anna på multimediabasen, der det ligg gratis bilete. Bileta laga me i mapper, og la ut på langeland sin fronter, slik at dei lett var tilgjengelege. Me laga og nokre krav til elevane i forhold til presentasjonen. Dei skulle ha minst fem lysbilete og det skulle vera bilete og tekst på alle. Det var og krav til ulike storleikar på teksten. Me planla at elevane skulle leggja fram presentasjonane sine felles for begge klassane. Dersom det var meir tid igjen tenkte me å gå igjennom korleis ein kan få til gode søk på internett.

Gjennomføringa av det planlaga opplegget gjekk verkeleg kjempe bra. Elevane jobba godt med presentasjonen, og det verka som oppgåva fall i smak. Dei var flinke til å finna gode faktaopplysningar om sitt emne, og samarbeidet gjekk stort sett knirkefritt. Då elevane skulle leggja fram presentasjonen sin, må eg sei eg blei imponert over kor flinke dei var. Alle tok del i framlegginga, og dei snakka høgt og tydeleg. Presentasjonane var og flotte, dei hadde gjort ein kjempe innsats!
Det var utruleg kjekt å bruka data i undervisninga, og eg håpar at me kan laga til fleire opplegg med bruk at data når me skal tilbake i praksis

mandag 28. januar 2008

Photo story 3, Moviemaker, Cartoonist og Pivot. 10.01.2008

I dag har me prøvd oss litt på ulike program. Fyrst lasta me ned ”photo story 3” som er eit veldig enkelt program,. Her lasta ein fyrst opp så mange bilder som ønska, spelte så inn eigen lyd og så kunne ein tilslutt legge til musikk. Det var utruleg enkelt å forstå, så dette kan nok enkelt brukast i skulen til å laga samansette tekstar. Eg kikka og litt på programmet movie maker som kan nyttast til det same som photo story 3. Dette programmet var litt vanskelegare å forstå, så her må eg nok bruka meir tid til å sette meg inn i det sjølv.

Cartoonist var eit program der ein kan laga teikneseriar. Ein kjekk plass der barn kan leika seg litt og bruka fantasien. Det er eit program som til dømes kan brukast i norsk faget, der barna kan laga sine eigne teikneseriestriper. Me fekk og kikka litt på eit program som heiter ”Pivot”. Her kan ein laga animasjonar. Fyrst må ein laga seg ein bakgrunn i paint, så kan ein laga animasjonen. Litt ulike figurar kan nyttast, men her kunne det godt vore fleire alternativ å velje mellom.

Born og nye medium

Datamaskin og internett blir brukt av unge kvar einaste dag, og dei aller fleste har tilgong til dette i heimen sin. Dessverre er det mange utrygge sider for barn på nettet. Undersøkelsen som ligg på http://www.saftonline.no/aktuelt_no/2876/ viser at datamaskina ofte finn plass på eit kontor eller på barnets rom. Då seier det seg sjølv at foreldra ikkje alltid veit kva barnet driv på med på datamaskina. Og dessverre er ikkje barnet heller obs på at det dei driv på med kan vera farleg. Chatting (som det viser seg at 64 % av alle barn mellom 9-16 har gjort) er eit godt døme. Her kan det foregå alvorleg mobbing og trakkasering. Mangen har blitt spurd av framande ”chattevenner” om å møtast personleg. Dette er ikkje eit ukjent fenomen for meg ettersom eg har fått det spørsmålet sjølv, fleire gongar.

Dersom ein har tenkt å gjennomføre eit slikt møte, er det kjempe viktig at ein ikkje møter vedkommande åleine. Det er lett å lyge på internett, så ein kan aldri vera heilt sikker på kven ein vil møta. Sidan dette er direkte utrygt er det viktig at me som lærarar (i tillegg til foreldra) opplyser barna om denne faren som finnes på internett. Dei bør i så tidleg alder som mogeleg bli åtvara og få forståing for kor enkelt det er å spore opp folk på internett, ved hjelp av berre eit namn eller eit telefon nummer. Slik kan ein kanskje og hindra at dei legg ut denne informasjonen om seg sjølve og eventuelt andre på nett. Kanskje ein historie om nokon som har opplevd noko ekkelt i forbindelse med dette kan vera ein tankevekkar i positiv retning for elevane?

-----------------------------------------
Revidert 27.04.08.

Å kopiera td. eit bilete frå internett kan verka så uskuldig, men det er faktisk ulovleg. At det var så strenge reglar på dette har eg aldri vore klar over, men ein må faktisk spørje om løyve frå den som har opphavsretten på bilete. Eg meinar at dette er å ta litt hardt i. Dersom ein ikkje ynskjer at andre skal bruka bilete, kan ein ikkje då berre la vera å leggja det ut på nettet? Eller er det ikkje mogeleg å fjerna ”kopier” og ”lim inn” valet?? Vel, kva veit eg.. Men ettersom reglane er slik, er det viktig at me fylgjer desse. Like viktig er det at me overfører slike gode vanar til elevane i skulen, og at dei og veit at dette er ulovleg. Lærarane er jo tross alt rollemodellar, og må derfor overføra gode vanar til elevane. Det kan vera lurt å visa dei sider som multimediabasen, der dei kan finna bilete, lydar ol. som er lovleg å lasta ned.

No når me har hatt om Born og nye medium, har me fått i oppdrag å laga ein samansett tekst. Med dette jobba eg saman med Mariann. Me valte boka Lillebror og Knerten av Anne Cath. Vestly. Val av bok var meir eller mindre tillfeldig. Det var ei koseleg bok, men som passar til små barn, og småskulen. Det var kjekt å jobba med den samansette teksten. Eg har lært meg å bruka eit nytt program, moviemaker. Eit veldig enkelt program, som eg trur elevane i storskulen vil meistra. Resultatet på den digitale teksten vår synes eg blei bra=) Sidan elevane i fylgje LK06 skal kunna laga samansette tekstar, så trur eg arbeidet med dette var ein nyttig erfaring å ta med seg.

søndag 13. januar 2008

Photo Shop: bildebehandling og animasjon

Siste økta før jul hadde me om bildebehandling og animasjon. Fyrst fekk me litt informasjon om temaet, og så fekk me prøva oss litt sjølv i programmet photo shop. Me skulle laga ein plakat ved bruk av bilete og ein animasjon kvar. Eg har brukt veldig lite slike program, så ein liten innføring i dette trur eg kom meg til gode. Eg vil tru at det framleis er mykje for meg å læra i photo shop, ettersom eg har forstått at dette programmet har langt meir å tilby enn det som blei vist på skulen denne dagen. I alle fall kan kan eg ikkje nok enda til å kunna undervisa i dette i praksis.

---------------------------------

Revidert 27.04.08

Som lærar er det utruleg kjekt å kunna laga animasjonar og kunna handtera eit biletbehandlingsprogram om Photo Shop. ITK blir jo berre meir og meir sentralt i skulen. Til dømes ser eg at samansette tekstar har ei eigen overskrift i læreplanen under kompetansemåla til norskfaget. Her er absolutt ein slik kunnskap relevant å ha som lærar når elevane skal laga slike digitale tekstar.

Her er min plakat. Eg tok utgangspunkt i eit bilete, ordna litt på fargane, og klipte og limte inn fleire detaljar som eg tok frå andre bildete som eg hadde tatt sjølv.

Praksisveke 46 og 47.

Så var det praksis igjen, og denne gangen skulle me i ilden sjølv. Eg må sei at eg grua meg veldig mykje, spesielt fyrste gongen eg sjølv skulle stå for ei undervisningsøkt. Det er jo litt spesielt fyrste gongen, eg plar jo alltid vera eleven, og no skulle eg plutseleg vera læraren. Det som eg merka meg godt i denne perioden var kor stort ansvar det er å vera lærar. Eg tenkte mykje etter eg hadde hatt ein time, om elevane hadde lært noko, om dei hadde fått noko utbytte av timen min.

I starten var eg kanskje litt pysete. Eg turde ikkje å lausriva meg heilt, og derfor tok eg ansvar for timar, saman med Mariann. Altså, at me hadde ansvar for timen i lag, sjølv om eg hadde ansvar for min del, og Mariann for sin del av timen. Det var likevel godt å veta at me var to om det, og at me støtta kvarandre dersom me stod fast, eller dersom noko gjekk gale. Når eg hadde prøvd meg litt, og blitt litt meir vant til undervisningssituasjonen, våga eg meg litt meir utpå.

Etter kvar undervisningsøkt, fekk me respons frå øvingslærar. Denne responsen fekk me i lag i praksisgruppa. Då gjekk me som regel gjennom dagen som heilhet, og så gjekk me innpå timane som me hadde hatt ansvar for. Me fekk stort sett berre positive tilbakemeldingar. Det hadde kanskje ikkje gjort noko om me hadde fått litt fleire konstruktive tilbakemeldingar. Me lærer jo tross alt ganske mykje av det og!

I denne perioden har me på praksisgruppa hatt eit svært godt og tett samarbeid. Me har planlagt øktene våre stort sett saman, og me har hjelp kvarandre heile vegen. Dette har for min del absolutt gjort det lettare for meg, spesielt i startfasen. Det er alltid godt å veta at det er hjelp å henta frå resten av praksisgruppa dersom ein treng det.

Denne gongen har me og fått tatt større del i planlegginga. Me har fått vore med på det faste teammøtet som er fekk kvar torsdag. Då skal neste veka og lekseplan fastsetjast. Her fekk me og komma med innspel, og endra på timeplanen dersom me hadde ynskje om det. Sjølv om timeplanen stort sett var lik frå veke til veke, så var det altså stort rom for endringar om nødvendig. Det er kanskje ikkje alltid like enklet, sidan alt skal gå opp i forhold til rom, lærarar og liknande.

No skal det bli kjekt med ein ny praksisperiode til våren, der er reknar med at det blir fleire utfordringar å ta av.


Ut på tur!

Fyrste dagen etter praksis gjekk me tur. Det var ein veldig kjekk dag, og ein ypparleg start på veka. Etter me hadde gått tur, samlast me alle heima hos Birgit. Der åt me nista vår, drakk varm kakao og så fekk me nysteikte vaflar. Medan me gjorde dette diskuterte me erfaringar frå praksis, på tvers av praksisgrupper og praksisskular. Det var veldig kjekt å høyre korleis andre hadde hatt det, og kva erfaringar dei hadde gjort seg.