onsdag 30. april 2008

Refleksjonsnotat

Ja då går me mot slutten av det som for meg har vore det fyrste året på høgskule og lærarutdanninga. Det er merkeleg kor fort tida går, eg synes ikkje det er lenge sidan me gjekk på skattejakt.

Pedagogikkfaget har vore heilt nytt for meg. I haust var eg spent på korleis dette faget kom til å bli, og eg hadde forventningar til at dette skulle vera faget som skulle krydra vekene på HSH. Eg må sei at forventningane har levd opp og eg har gleda meg til desse timane som me har hatt saman med Birgit. Faget har vore svært variert, med alt frå vanlege undervisningstimar, filmsjåing, gruppearbeid, framlegging, timar med IKT og blogg. Dessutan har Birgit lært oss korleis ein liten ting kan variera skuledagen i stor grad. Arbeidet med blogg må eg innrømma til tider har vore eit ork. Men dette er jo fordi me har blitt tvinga til å blogga etter kvar forelesing. Eg ser jo likevel det utrulege læringsutbyttet som eg har fått av dette. Hadde me ikkje hatt bloggen, hadde eg nok ikkje sett meg så godt inn i stoffet, som det eg har gjort. Med bloggen så har eg fått gjort fagstoffet om til mitt eige, og tatt med det som eg har følt har vore relevant. Det er no på slutten at eg verkeleg har blitt glad i bloggen, for no ser eg kva den har gitt meg i form av læring. Kritisk ven og det å lesa andre sine bloggar har og gitt meg mykje. Eg håpar at me får ha blogg til neste år og, for eg ser at dette hjelper meg til å jobba kontinuerleg gjennom heile året. Ein utruleg lærerik eksamensform.

Me har hatt mange gode undervisningstimar som har gitt meg mykje i pedagogikk. Økta om kommunikasjon og samarbeid er utruleg sentral og sit framleis sterkt i minne hos meg. Det var viktig at denne økta kom før me hadde starta i praksis, for innhaldet i denne forelesninga er heilt sentralt. Dette med kroppsspråk til dømes, er kjempe viktig å tenkja på når ein er ute i skulen, og eg hadde det i minne heile tida medan eg var i praksis. Timane på hausten og lærarens mange oppgåver og undervisningsplanlegging var og veldig interessante timar. Eg føler at me på hausten fokuserte mest på læraren, og deira oppgåver, medan fokuset på våren låg meir på eleven og barnet. På våren hadde me jo timar om sjølvbilete, motivasjon, spesialpedagogikk osv.. Dette er tema som eg synes er spesielt interessant. I praksis har eg jo sett kor vanskeleg det kan vera til tider å motivera elevane til å arbeida. Og kva gjer du som lærar då? Eg håpar me får læra enda meir om dette temaet til neste år.

Me har og jobba mykje i praksisgruppene i pedagogikkfaget. Me har jobba saman i forhold til gruppearbeid/ oppgåveskriving og praksis. Å jobba saman i grupper, er for meg veldig nyttig. Eg synes praksisgruppa vår har fungert veldig bra. Me har vore ærlege med kvarandre, og me har alltid kunna sagt meiningane våre. Derfor har det og blitt ein del diskusjonar i løpet av året. Dette er noko som eg ser på som veldig positivt. Med diskusjonar får ein fram ulike meiningar, og for meg er dette ein god måte å læra på.

I praksis har eg lært utruleg mykje. Det er her eg har sett korleis det som me har lært på forelesingane er i røynda: motivasjon, undervisningsplanlegging, lærarens mange oppgåver, barn og nye medium er døme på tema eg tenkje på då. Det er merkeleg å tenkja på kor mykje eg føler eg har utvikla meg, berre på dei seks vekene me til saman har vore i praksis i år. Fyrste veka grua eg meg jo nesten til å gå rundt å hjelpa elevane når dei satt å jobba med oppgåver. Den andre praksisperioden var dette heilt borte, men så grua eg meg til å undervisa i staden for. Tredje perioden no på våren så følte eg meg enda tryggare på undervisninga og. Ja, praksis har vore nyttig! Det er tross alt lærar me skal bli, og det er her me verkeleg lærer og får prøvd oss ut. Eg sjølv er ein person som lærer best i samspel med andre, og det er kanskje derfor at eg la meg på denne pedagogiske plattforma då me starta å jobba med dei ulike pedagogiske paradigma i haust. Eg falt med ein gong for Vygotsky sin proksimale utviklingssone og Jerome Bruner sin stillasteori, noko som eg enda synes er viktige teoriar. Etter kvart som eg har fått lest meir pensum, vore i praksis og jobba med oppgåveskriving, har eg lært enda meir om dei ulike grunnsyna. Eg har no sett at det ikkje berre er det sosiokulturelle synet som har viktige poeng. Til dømes likar eg holdninga i Behaviorismen som seier at alle kan læra. Dei ser derfor på tilpassa opplæring som at læring tar lenger tid hos nokon enn hos andre. Eg trur og at elevar lærer ved å erfara (konstruktivismen). Men framleis held eg ekstra fast på tanken om at barn lærer i samspel med andre. Eg trur at som lærar er det viktig at ein er klar over alle dei pedagogiske læringssyna, og at ein kan nytta litt av alt, sjølv om ein har utvikla sitt eige grunnsyn. Det eg i alle fall er sikker på er at barn lærer ulikt. Eg meinar at læraren derfor må variera undervisningsmåtane sine, slik at alle elevane på eit tidspunkt skal få oppleva undervisninga på ein måte som dei lærer best på.

Så var det oppgåveskriving då. Eg hadde ikkje så mykje erfaringar frå det området før eg kom på høgskulen. Og eg er derfor evig takknemleg for at Gry og Birgit tok på seg bryet med å retta matte/ped oppgåva, for så å gi den tilbake til oss, slik at me kunne retta feila. Dette er ein utruleg lærerik prosess, som eg trur veldig mange av mine medstudentar kan seia seg einig i. Dette har i alle fall eg lært mykje av! Motivasjonsoppgåva var og svært interessant å jobba med. Her jobba me i praksisgruppene. Det passa veldig godt å jobba med den oppgåva i grupper, fordi temaet var sentralt og med stort rom for diskusjon. Bloggen har og hjelpt meg til å bli ein betre skrivar. I alt me har gjort i pedagogikk har me heile tida fått rettleiing og vurdering. Eg trur aldri eg har fått så god rettleiing før på skulen, så dette skal eg ta med meg vidare slik at eg og kan bli ein god rettleiar ein dag.

Lærarrolla mi har så vidt starta å spira. Eg vil sei at det er praksisperiodane, og spesielt dei tre vekene me hadde på våren, har gitt meg det største sparket. Eg har lært så mykje dette året, men føler på ingen måte at eg er utlært. Eg ser fram til neste år, då me skal ha meir pedagogikk. Det er på alle måtar eit spennande fag som eg gler meg til å læra meir om. Eg håpar berre så inderleg at me får fortsetja med å ha Birgit til neste år. Hadde det ikkje vore for Birgit, hadde ikkje dette faget vore i nærleiken så interessant!

1 kommentar:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Tusen takk for i år, Christina...
Det har vore kjekt å bli betre kjend med deg, og går det som eg vil, så sjåast vi att til hausten..

Birgit :-)