torsdag 30. august 2007

Ein lærar eg alltid vil hugse!

Det var ei ny og spanande tid, me hadde byrja på ungdomsskulen. Her var det mange nye elevar, nye klassar og ikkje minst heilt nye lærarar. Klasseforstandaren vår Jan, skulle me ha i samfunnsfag, KRL, engelsk og musikk.

Jan, ein eldre mann. Liten av vekst og svært tynn. Han var grå i håret og hadde mykje rynker; meir enn andre på hans alder. Såg tydleg at det kom frå mange år med røyking. Han hadde briller, og som oftast eit smil på lur. Det viste seg fort at han var ein mann med humor. Midt i ein av forelesingane sine kunne han dra fram ein morosam spøk. Ut frå responsen fekk han og skjekka kven som verkeleg fylgde med i timen og ikkje.

Han var ein lærar som lukkast i to viktige felt. Han oppnådde respekt frå elevane, og klarte samstundes å få ein god kontakt med dei. Det var ingen som frykta han, men klassen gjorde som han sa utan å nøle. Jan interesserte seg og for det me haldt på med. På mandags morgon fekk me alltid nokre minuttar til å oppsummere helgas begivenhetar. I matfriminuttet blei han ofte igjen i klasserommet for å prata, og han fylgde godt med på kven som vann og tapte i kortspillet som elevane dreiv på med.

Sjølv om Jan var ein svært god lærar reint fagleg, så er det måten han verkeleg brydde seg om elevane sine på, som sit mest igjen hos meg. Han ville at me som elevar skulle ha det bra på skulen. Då vennegjengen min hadde storkrangel ein periode i 9 ande klasse, stilte Jan opp for oss. Han gav oss lov til å snakke ut og løyse problema våre på gangen i timane hans, og han stilte sjølv opp på fritida si som meklar. Han prøvde verkeleg å vera der for oss, og gjorde alt han kunne for å hjelpa. Han ordna til og med time til oss hos helsesystera ein time i veka som gruppeterapi. Utan hans innsats i denne perioden ville nok ikkje vennegjengen vore venner den dag i dag.

2 kommentarer:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Ungdomstida er ei brytningstid der ein prøver å "finne seg sjæl", og då kan det lett bli kommunikasjonsbrist som resultat - ja til og med "alvorleg" krangling mellom ungar som elles er gode vener. Du seier at Jan lukkast med å både få og gi respekt, og hadde god kontakt, og det er veldig viktige ting å merkja seg som suksessfaktorar for framtidig yrke. Det skadar jo heller ikkje med ei genuin og ekte interesse for menneska ein har med å gjera i yrket sitt. Å vera "fredsmeklar" og bidra til konfliktløysing er ein viktig del av lærarkvardagen. Du har eit godt førebilete å sjå attende på, Christina.

Birgit :-)

Bertin sa...

Det er godt å sjå at lærarar med medmenneskelege eigenskapar blir teken fram i slike oppgåver. Har same opplevinga sjølv og meiner det, langt på veg, er den viktegaste eigenskapen til ein lærar.