søndag 23. september 2007

Observasjon, meir enn berre å ”sjå”

-------------------------

Revidert 27.04.08

Observasjon kan og omtalast som: Iaktta, sjå, oppdaga og følgja med. Dette er noko me menneske gjer heile tida. Eg trur me gjer dette oftare ubevisst som bevisst. Observasjon dreiar seg om å skildre det som du ser. Ein skal ikkje seie noko om kva ein trur skjer, altså ein skal ikkje tolka hendinga. Ein kan læra svært mykje ved å observera. Som lærar er dette ei svært viktig oppgåve for å kunna forstå og læra mest mogeleg om korleis det individuelle barnet er. Ein kan få mykje nyttig informasjon ved å berre sitja å observera. Ein lærar kan oppdaga at ein elev i ein time ikkje gjer noko, og berre ser ut i lufta. Kanskje har eleven ein dårleg dag, eller kanskje er det noko som plagar vedkommande anten i heimen? Kanskje var det noko som skjedde førre friminutt som øydelegger konsentrasjonen? Men observasjon kan ein oppdaga slike ting, og gjera noko med det dersom det er noko alvorleg. Korleis barnet har det heima og elles kan oppdagast gjennom observasjon på skulen. Observasjon kan altså gi betre innsikt på ulike område hos den enkelte elev. Dersom ein oppdagar noko, er det viktig å føra det i ein logg, med dato.

For å få mest ut av observasjonen må du velje ut kva du vil observere. Då er det lurt å ta utgangspunkt i ein person eller ei mindre gruppe. På denne måten vil ein få mest ut av observasjonen. Ein må og på forhand vete kva formålet er, kva er det ein ser etter. Det finnes mange ulike metodar å utføre observasjonen på. Ein kan både vera passiv (fluge på veggen) eller ein kan gå aktivt inn gjennom til dømes ein samtale eller eit intervju.

Det er viktig å hugse på at observasjonen ein gjer nødvendigvis ikkje fortel heile sanninga.

Forventningane til observasjonspraksis var litt både og. Eg tenkte vel kanskje mest på at det var den fyrste praksisperioden, og var spent på det. Likevel var eg nysgjerrig på å få komma ut i skulen å observera. Ettersom eg aldri hadde gjort dette før, visste eg ikkje heilt kva eg skulle venta.

Observasjonspraksis
Før me skulle ut i observasjonspraksis, var eg veldig spent. Eg var spent på korleis klassen og øvingslæraren var. Eg var og spent på kva slags oppgåver me som studentar skulle ha i klasserommet, utan om det å observera.

Eg lærte mykje denne veka, og eg synes det var spennande å observera. Det var litt vanskeleg i starten å velja ut ”eit offer”, men sidan me ikkje kjente nokon av elevane, blei det heilt tilfeldig. Eg må sei det var spennande og litt morosamt å berre sitja å sjå. Det er utruleg kor mykje som foregår ein time når læraren underviser. Nokon sit berre å trøkker blyanten ned i visket og andre verkar nesten ikkje tilstades, medan andre igjen sit og utvekslar blikk over rommet. Ja, det var i blant mykje å sjå. Etter ein dag, hadde me samtalar, der øvingslærar og heile praksisgruppa var med. Då gjekk me gjennom kva me hadde observert. Øvingslærar kjente seg igjen i mykje av det som me hadde observert, og var klar over desse typiske trekka hos enkelte elevar.

I tillegg til å observera ein enkelt elev, såg eg og på klassen som heilskap. Eg såg litt på forskjellen mellom jenter og gutar, i forhold til kva dei snakka om og kva dei teikna i timane. Eg kjente godt igjen dei typiske teikningane til jentene og gutane frå då eg sjølv gjekk på barneskulen. Jentene teikna blomar, hjerter, hestar og skreiv namnet sitt fint med pynt rundt. Gutane laga mykje store ansikt med ”stygge” grimasar. Eg observerte og lærarane. Eg såg på måtar som dei nytta for å motivera elevane, og korleis dei klarte å skapa ro i klassen. Her var det fleire tips som eg vil ta med meg vidare. Alt kan vel sikkert ikkje nyttast i ein anna klasse, ein må nok kjenna klassen for å vera kva som fungerer der.
Eg har fått eit godt inntrykk av klassen og av øvingsledar, og gler meg til me skal få komma tilbake:)

2 kommentarer:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

I læraryrket er systematisk observasjon og loggføring eit av dei viktigaste hjelpemidla vi har i høve til å følgja opp og ta vare på den einskilde eleven. Loggføringa må sjølvsagt følgjast opp med både elevsamtalar og i det daglege arbeidet med borna, men er i seg sjølv særs viktig. Eg vil elles anbefala elevlogg der elevane sjølv fortel frå kvardagen sin til læraren, som eit godt hjelpemiddel. I ein elevlogg kan ein fanga opp kjensler og problem som elles går tapt i ein travel lærarkvardag. Vil du seia litt om korleis du opplevde det å observera i praksisveka saman med elevane? Utfordringar?

Birgit :-)

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

I læraryrket er systematisk observasjon og loggføring eit av dei viktigaste hjelpemidla vi har i høve til å følgja opp og ta vare på den einskilde eleven. Loggføringa må sjølvsagt følgjast opp med både elevsamtalar og i det daglege arbeidet med borna, men er i seg sjølv særs viktig. Eg vil elles anbefala elevlogg der elevane sjølv fortel frå kvardagen sin til læraren, som eit godt hjelpemiddel. I ein elevlogg kan ein fanga opp kjensler og problem som elles går tapt i ein travel lærarkvardag. Vil du seia litt om korleis du opplevde det å observera i praksisveka saman med elevane? Utfordringar?

Birgit :-)