søndag 7. oktober 2007

Å leia basisgruppa

Det seier seg eigentleg sjølv, men den sosiale kompetansen er veldig viktig i læraryrket. Lærarar må vera tydeleg vaksne samtidig som dei må vera mellommenneskelege. Dei må ha autoritet utan å vera autoritære. Dette trur eg kan vera vanskeleg å få til som lærar, for det handlar om å få respekt frå elevane utan at dei skal vera redde deg. Det er og sentralt at læraren skal visa forståing og lytta til elevane, ha omtanke.

Utsagnet ”Den som trur han er ferdig utdanna er ikkje utdanna, men ferdig ” er lurt å ha i bakhovudet. Det vil dukka opp nye utfordringar heile tida, og mange vil kanskje føle trongen for vidareutdanning etter kvart. Me lever tross alt i eit samfunn som er i utvikling som aldri før, og på grunn at dette vil me nok aldri føle at me ikkje har meir å lære.

Så korleis legga opp til eit godt læringsmiljø? Det er viktig korleis læraren er. Han/ho må vera godt forberedt til timen og sjølv visa engasjement i undervisninga. Korleis engasjera elevane, dersom du sjølv ikkje er engasjert? Ros og oppmuntring er og heilt sentralt, dette gir motivasjon til elevane, og fører og til ei god sjølvkjensle. Læraren må ha eit tydeleg kroppsspråk, og visa samsvar mellom ord og handling.

35-40 000 barn blir mobba i skulen i Noreg(2004). Dette er eit vannvittig stort tal. Her har lærarane ein stor jobb å gjere. Det er veldig viktig at læraren tar tak i dette med ein gong, på et så tidleg stadium så mogleg, slik at det ikkje utviklar seg. Mange skular opererer med program mot mobbingàkjempe viktig!!

Filmen om Robin synes eg var svært oppsiktsvekkande. At rektoren på skulen som han gjekk på ikkje meinte at dette var mobbing, er heilt utruleg! Eg må sei eg blei heilt sjokkert.. Her bør noko gjerast!!

-------------------------
Revidert 29.04.08

Eg meinar at det er viktig å ha fokus på leiarrolla, altså å vera ein tydeleg leiar. Det er viktig å veta tydeleg i stemma og i kroppsspråket, slik at alle får med seg beskjedar og kva som skal skje. Som ein god leiar må ein og alltid ha eit mål med det ein gjer, og at organsiseringa av timar og overgongar fungerar godt. Å skapa eit godt klassemiljø er og viktig. Eg trur at eit godt klassemiljø er med på å fremja god læring. Å vera tydeleg på at mobbing ikkje er tolbart, er og derfor vesentleg. Å bli ein tydeleg leiar og å skapa sin eigen leiarrolle, trur eg tar tid. Ein må derfor nytta tida som hjelp og prøva seg fram.

Me hadde og ein gjennomgang av metodar denne økta. Metodar som storyline og elevbedrift synes eg er veldig interessante. Elevbedrift har eg hatt i to år då eg gjekk på sal og service, og veit at dette er svært lærerikt. I grunnskulen kan ein faktisk klara å knytta nesten alle fag inn i elevbedrifta om ein går inn for det. Storyline trur eg og kan gi eit godt læringsutbytte, men dersverre krevjar det mykje tid og planlegging frå lærarens side. Drama, gruppearbeid, prosessorientert skriving og mange fleire metodar som kan nyttast. Kjekt at me fekk eit hefte med alle metodane i. Dette skal eg ta vare på:)

3 kommentarer:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Hei, Christina...
Eg måtte berre seia noko om denne setninga, for der trur eg det gjekk litt i "badl": Dei må vera autoritære utan å ha autoritet. Hmmm, eller vera ein vaksen, ansvarleg autoritet utan å vera så autoritær at ungane blir redde? Var det ikkje det du eigentleg meinte?

Birgit :-)

Håvard Haga sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Birgit E. Olsen Bratseth sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.