tirsdag 23. oktober 2007

Framføring av læringsteoriane

-----------------------------
Revidert 28.04.08

Ja no har me framført pedagogikk prosjektet vårt. Det var utruleg kor fort den dagen gjekk, i forhold til kva eg hadde rekna med. Alle var jo så flinke, og hadde laga gode og engasjerande framføringar! Dei ulike gruppene hadde lagt vekt på forskjellige ting innanfor oppgåva, noko som var med på å skapa dei varierte framføringane. På grunn av dette følte eg og at eg lærte mykje denne dagen, ved å sjå dei ulike resultata. Utruleg kjekt og lærerikt å sjå korleis dei andre hadde tenkt og kva dei hadde tatt som utgangspunkt.

Gruppa mi hadde valt å ta utgangspunktet i alle dei fire teoriane. For å klare dette på 15 minuttar, hadde me berre tid til å presentere det mest sentrale og det me synest var viktigast i kvar teori. Eg synes sjølv at framføringa vår gjekk veldig bra, og eg håpar at dramatiseringsstykka våre var med på å gjere det kjekkare og meir forståeleg for lyttarane våre=)

Etter dette prosjektet er det den sosiokulturelle teorien, og teoretikarane Vygotsky og Bruner som har festa seg mest hos meg. Eg trur at barn har stort utbytte av å jobba saman med andre, og at ein kan klara å meistra større oppgåver dersom ein er fleire om det. Eg likar derfor godt Vygotsky sin proksimake utviklingssone, der det kjem tydeleg fram at barnet meistrar meir ved hjelp av ein meir kompetent person. Eg likar og stillasteorien til Bruner, som heng litt saman med den proksimale utviklingssona.

Ingen kommentarer: