tirsdag 30. oktober 2007

Oppsummering og matte/ped oppgåve

------------------------------
Revidert 28.04.08

På måndag starta me pedagogikk økta med ein oppsummering av alle læringsteoriane som me no har jobba mykje med. For meg så var dette svært nyttig. Veldig greitt med ei felles oppsummering, der det viktigaste stoffet frå kvar læringsteori kom fram. Her kom det og fram litt som eg ikkje hadde fått med meg før. Derfor er repetisjon viktig, i alle fall lærer eg mykje av det(som nok kjem av den grunn at eg og gløymer ganske fort!)

Her er heilt kort dei fire læringsteoriane:

Behaviorismen: Her ligg fokuset på det som er mogleg å observere, som er elevanes atferd og handlingar i ein situasjon. Læring måles i forhold til endring i atferd. Behaviorismen er eit positivt læringssyn fordi det meinar at alle kan læra med rett stimulering. Tilpassa opplæring blir sett på som at læring tar lengre tid hos nokon enn hos andre. Teoretikarar: Palov, Watson, Thorndike, Skinner og Bandura.

Kognitivismen: Har fokus på det som skjer inni hovudet. Læring skjer gjennom prosesser i individets tankar og forestillingar, og blir sett på som ein individuell prosess. Læraren må ha kunnskap om læringsprosessar hos den enkelte barnet for å kunna fremja tilpassa opplæring. MI-teorien er plassert underkognitivismen. Denne teorien fokuserar på kor forskjellige elevene er, og har fokus på deira sterke sider. Teoretikarar: Miller, Piaget, Gardner, Dunn og Dunn.

Konstruktivisme: (Plassert under konstruktivismen)Tar avstand frå at det finnes ein objektiv røyndom. Barnet konstruerer sine oppfatningar ved å tolka det som skjer. Teoretikarar: Piaget, Dewey, Mead, Bruner.

Sosiokulturell: Kunnskap blir konstruert gjennom samhandling med andre. Det viktigaste reiskapet for læring er språket. Vygotsky sin proksimale utviklingssone ligg mellom to nivå: kva barnet klarar åleina og kva barnet kan klara med hjelp av ein meir kompetent andre. Teoretikarar: Vygotssky, Bruner (stillasteorien) og Bakhtin.

Me blei og presentert for den nye oppgåva som me skal jobba med no framover, som er i matematikk og pedagogikk. Her skal me bruka det me no har lært om dei ulike teoriane. Det er ei ganske stor oppgåve spør du meg, som krev mykje arbeid både før, i og etter matteøkta er gjennomført. Litt nervøs for korleis dette skal gå, men med ein del tid og planlegging så skal det nok gå bra!:) Å planlegge og gjennomføre ei undervisningsøkt er for meg noko heilt nytt, og eg er derfor ganske spent.

På slutten av dagen var me på data rommet med Birgit. Ho viste oss til dømes korleis me enkelt kunne laga nummererte overskrifter og korleis me satte inn ei innhaldsliste i word. Utruleg kor mykje eg ikkje visste når det gjaldt å skrive i word. For min del blir utfordringa no å finne alle desse knappane og menyane i word 2007.

1 kommentar:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Ja, 2007 versjonen er heilt totalt annleis sett opp, så det er ikkje lika enkelt. Men eit tips kan jo ev. vera å skriva brødtekst ferdig og så heilt til slutt, ta fila med på ei av skulen sine maskinar og gjera formateringa der slik som du har lært? Det er i alle fall noko å ha i bakhand. Lukke til!

Birgit :-)