torsdag 20. mars 2008

Motivasjon

-------------------
Revidert 30.04.08

Då me hadde ei økt om motivasjon, skulle me studentar få velja om me ville ha ein vanleg forelesning, eller om me ville jobba med stoffet i grupper, og klassen stemte for å jobba i grupper. Me blei så delt inn i grupper på ein litt vanskeleg og veldig rotete måte. Eg trur ikkje eg kjem til å bruka denne inndelinga i skulen. Den var forvirrande, og eg trur at dersom ein skulle gjennomført dette i ein klasse i barneskulen, ville det blitt enda meir rot. Arbeidsmetoden som me brukte då me endeleg fann gruppene våre var heller ikkje så god synes eg. Me skulle sitja å lesa for oss sjølv, og så i lag. Dette er kanskje ein god arbeidsmetode for nokon, men det visar jo at me alle lærer forskjellig. Poenget med metoden var at alle på gruppa skulle sitja igjen med den same kunnskapen. Eit godt mål, men ikkje så lett å oppnå, synes eg.

Motivasjon er ein utruleg viktig faktor i skulen. Elevane må vera motiverte for at dei skal kunna gjera eit godt arbeid. Men kva er så motivasjon? I Imsen står det at motivasjon blir definerst som ”det som forårsaker aktivitet hos individet, det som holder denne aktiviteten ved like, og det som gir den mål og meining.”I Imsen står det og, som eg synes var veldig godt skrive at: ”motivasjon handler om hvordan følelser, tanker og fornuft tvinner seg sammen og gir farge og glød til de handlingene vi utfører.” grunnlaget for all motivasjon er altså kjensler.

Det finnes to ulike former for motivasjon, og det er indre og ytre motivasjon. Det er indre motivasjon dersom ein blir motivert ut frå indre krefter. Denne motivasjonen blir holdt ved like til dømes dersom ein har interesse for eit tema og at det derfor føles som meiningsfylt å holda på med aktiviteten. Dersom me snakkar om ytre motivasjon handlar det meir om at læringa blir holdt ved like fordi at individet ønsker å oppnå ei belønning. Kanskje me kan sei at indre motivasjon er langvarig og ytre motivasjon er meir kortsiktig? Indre motivasjon er og det som blir sett på som ideelt, i alle fall meinar eg det. Kven vil ikkje at elevane skal arbeida ut frå indre krefter og fordi dei verkeleg vil? Ytre motivasjon kan og bli til indre motivasjon. Eit barn som ikkje er motivert og ikkje får til noko i det heile, kan lett motiverast av læraren gjennom ytre motivasjon. Dersom eleven då starta å jobba og etterkvart får oppgåvene til, kan dette føra til at eleven starta å jobba ut frå indre motivasjon, fordi han synes det er kjekt.

Me har og noko som blir kalla for prestasjonsmotivasjon. i Imsen (2005: 392) står det: "prestasjonsmotivasjon er betegnelse på trangen vi har til å utføre noe som er bra i forhold til en eller annen kvalitetsstandard". Altså då er eleven sterkt motivert for å prestera , og ønsker å lukkast. Det treng ikkje vera for å få ros eller status, men kanskje rett og slett berre for at eleven har eit ynskje om å gjera det bra.

Ein kan sjå på motivasjon gjennom behavioristisk perspektiv, kognitivt perspektiv og humanistisk perspetkiv. Det behavioristiske perspektivet legg vekt på belønning og straff. Det kognitive perspektivet seier noko om at forventingar og verdiar har betydning for motivasjonen, og at motivasjonen blir påverka av korleis personen ser på seg sjølv. Det humanistiske perspektivet meinar at medfødte og tillærte behov kan liggja til grunn for motivasjon. Her kjem Maslow sin behovspyramide inn. Den har desse inndelingane:


Behov for sjølvrealisering

Statusbehov

Sosiale behov

Tryggleiksbehov

Fysiologiske behov

Desse fem nivå bygger på kvarandre og må sjåast i samanheng.

Motivasjon er grunnleggande for at elevar skal kunna læra godt på skulen. Alle barn er forskjellige, og det kan vera mange ulike grunnar til at barn er motiverte eller umotiverte på skulen. Nokon blir motiverte av å ha foreldre som forventar gode resultat, andre blir motiverte fordi eit tema i eit fag er av spesiell interesse og andre barn er kanskje ikkje motiverte til noko i det heile. Sistnemnte kan ha svært mange ulike grunnar. Eg trur at motivet ofte er det som driv motivasjonen. Noko som då kan vera eit stort problem for lærarar er korleis ein skal motivera slike elevar som aldri heng med på grunn av dårleg motivasjon. Ei veldig vanskeleg oppgåve vil eg påstå..

onsdag 6. februar 2008

Punktpraksis- planlegging og gjennomføring.

9 januar var me i praksis, for å sjå og observera korleis langeland skule brukar ikt i undervisninga. Denne dagen var Ikt lagt opp til KRL faget. Sjølv om me denne dagen var ein lærar og fire studentar, så ville praksislæraren vår visa oss korleis ho kunne gjennomføre dette opplegget dersom ho skulle gjere det åleine. Ho nytta to klasserom denne dagen, som ligg vegg i vegg, og klassen blei delt i to. Dagen starta samla der læraren fortalde elevane ei historie. Elevane blei så delt i to, der halvparten skulle bruka data til å svara på spørsmål frå historia, ved bruk at tekstbehandlingsprogram. Her måtte dei gå inn på fronter for å lasta ned oppgåvene sjølve. Den andre halvdelen sat i det andre å teikna ein teikneserie som og hadde utgongspunkt i den same historia. Her begrunna praksislæraren med at teikning var eit sjølvstendig arbeid, som krevde lite hjelp frå vaksen. Derfor kunne dei i stor grad vera sjølvstendige medan ho var mest inne i klasserommet med dei som arbeida med data. På denne måten kunne ein klara å gjennomføra dette, sjølv om det berre var ein vaksen tilstade. Klassen bytta sjølvsagt etterpå, slik at alle fekk både teikna og vera på data.

Så var det å planlegga ein dag sjølv, med bruk av digitale verktøy som fokus. Me jobba då saman med studentane frå 6b, då me ville køyra det same opplegget i begge klassane. Det blei litt diskusjon om kva me ville gjennomføra. Men alt lar seg ikkje gjennomføra like bra, ettersom klassane på langeland ikkje har så mange datamaskinar til rådigheit som det burde vore. Til slutt enda me på at me ville læra elevane om power point. Dette hadde dei tilgong til på maskinane og med eit slikt opplegg kan ein dela klassane i grupper, slik at det blir nok maskinar til alle. (ein maskin per gruppe)

Opplegget vårt var at elevane i grupper på tre skulle velja eit av tre emne som dei skulle laga ein presentasjon av. Emna dei kunne velje mellom var dyr, sport og land i norden. Her fann me bilete i forkant som gjaldt emna, slik at elevane ikkje skulle gå på nettet å lasta ned ulovelege bilete. Me fann bileta blant anna på multimediabasen, der det ligg gratis bilete. Bileta laga me i mapper, og la ut på langeland sin fronter, slik at dei lett var tilgjengelege. Me laga og nokre krav til elevane i forhold til presentasjonen. Dei skulle ha minst fem lysbilete og det skulle vera bilete og tekst på alle. Det var og krav til ulike storleikar på teksten. Me planla at elevane skulle leggja fram presentasjonane sine felles for begge klassane. Dersom det var meir tid igjen tenkte me å gå igjennom korleis ein kan få til gode søk på internett.

Gjennomføringa av det planlaga opplegget gjekk verkeleg kjempe bra. Elevane jobba godt med presentasjonen, og det verka som oppgåva fall i smak. Dei var flinke til å finna gode faktaopplysningar om sitt emne, og samarbeidet gjekk stort sett knirkefritt. Då elevane skulle leggja fram presentasjonen sin, må eg sei eg blei imponert over kor flinke dei var. Alle tok del i framlegginga, og dei snakka høgt og tydeleg. Presentasjonane var og flotte, dei hadde gjort ein kjempe innsats!
Det var utruleg kjekt å bruka data i undervisninga, og eg håpar at me kan laga til fleire opplegg med bruk at data når me skal tilbake i praksis

mandag 28. januar 2008

Photo story 3, Moviemaker, Cartoonist og Pivot. 10.01.2008

I dag har me prøvd oss litt på ulike program. Fyrst lasta me ned ”photo story 3” som er eit veldig enkelt program,. Her lasta ein fyrst opp så mange bilder som ønska, spelte så inn eigen lyd og så kunne ein tilslutt legge til musikk. Det var utruleg enkelt å forstå, så dette kan nok enkelt brukast i skulen til å laga samansette tekstar. Eg kikka og litt på programmet movie maker som kan nyttast til det same som photo story 3. Dette programmet var litt vanskelegare å forstå, så her må eg nok bruka meir tid til å sette meg inn i det sjølv.

Cartoonist var eit program der ein kan laga teikneseriar. Ein kjekk plass der barn kan leika seg litt og bruka fantasien. Det er eit program som til dømes kan brukast i norsk faget, der barna kan laga sine eigne teikneseriestriper. Me fekk og kikka litt på eit program som heiter ”Pivot”. Her kan ein laga animasjonar. Fyrst må ein laga seg ein bakgrunn i paint, så kan ein laga animasjonen. Litt ulike figurar kan nyttast, men her kunne det godt vore fleire alternativ å velje mellom.

Born og nye medium

Datamaskin og internett blir brukt av unge kvar einaste dag, og dei aller fleste har tilgong til dette i heimen sin. Dessverre er det mange utrygge sider for barn på nettet. Undersøkelsen som ligg på http://www.saftonline.no/aktuelt_no/2876/ viser at datamaskina ofte finn plass på eit kontor eller på barnets rom. Då seier det seg sjølv at foreldra ikkje alltid veit kva barnet driv på med på datamaskina. Og dessverre er ikkje barnet heller obs på at det dei driv på med kan vera farleg. Chatting (som det viser seg at 64 % av alle barn mellom 9-16 har gjort) er eit godt døme. Her kan det foregå alvorleg mobbing og trakkasering. Mangen har blitt spurd av framande ”chattevenner” om å møtast personleg. Dette er ikkje eit ukjent fenomen for meg ettersom eg har fått det spørsmålet sjølv, fleire gongar.

Dersom ein har tenkt å gjennomføre eit slikt møte, er det kjempe viktig at ein ikkje møter vedkommande åleine. Det er lett å lyge på internett, så ein kan aldri vera heilt sikker på kven ein vil møta. Sidan dette er direkte utrygt er det viktig at me som lærarar (i tillegg til foreldra) opplyser barna om denne faren som finnes på internett. Dei bør i så tidleg alder som mogeleg bli åtvara og få forståing for kor enkelt det er å spore opp folk på internett, ved hjelp av berre eit namn eller eit telefon nummer. Slik kan ein kanskje og hindra at dei legg ut denne informasjonen om seg sjølve og eventuelt andre på nett. Kanskje ein historie om nokon som har opplevd noko ekkelt i forbindelse med dette kan vera ein tankevekkar i positiv retning for elevane?

-----------------------------------------
Revidert 27.04.08.

Å kopiera td. eit bilete frå internett kan verka så uskuldig, men det er faktisk ulovleg. At det var så strenge reglar på dette har eg aldri vore klar over, men ein må faktisk spørje om løyve frå den som har opphavsretten på bilete. Eg meinar at dette er å ta litt hardt i. Dersom ein ikkje ynskjer at andre skal bruka bilete, kan ein ikkje då berre la vera å leggja det ut på nettet? Eller er det ikkje mogeleg å fjerna ”kopier” og ”lim inn” valet?? Vel, kva veit eg.. Men ettersom reglane er slik, er det viktig at me fylgjer desse. Like viktig er det at me overfører slike gode vanar til elevane i skulen, og at dei og veit at dette er ulovleg. Lærarane er jo tross alt rollemodellar, og må derfor overføra gode vanar til elevane. Det kan vera lurt å visa dei sider som multimediabasen, der dei kan finna bilete, lydar ol. som er lovleg å lasta ned.

No når me har hatt om Born og nye medium, har me fått i oppdrag å laga ein samansett tekst. Med dette jobba eg saman med Mariann. Me valte boka Lillebror og Knerten av Anne Cath. Vestly. Val av bok var meir eller mindre tillfeldig. Det var ei koseleg bok, men som passar til små barn, og småskulen. Det var kjekt å jobba med den samansette teksten. Eg har lært meg å bruka eit nytt program, moviemaker. Eit veldig enkelt program, som eg trur elevane i storskulen vil meistra. Resultatet på den digitale teksten vår synes eg blei bra=) Sidan elevane i fylgje LK06 skal kunna laga samansette tekstar, så trur eg arbeidet med dette var ein nyttig erfaring å ta med seg.

søndag 13. januar 2008

Photo Shop: bildebehandling og animasjon

Siste økta før jul hadde me om bildebehandling og animasjon. Fyrst fekk me litt informasjon om temaet, og så fekk me prøva oss litt sjølv i programmet photo shop. Me skulle laga ein plakat ved bruk av bilete og ein animasjon kvar. Eg har brukt veldig lite slike program, så ein liten innføring i dette trur eg kom meg til gode. Eg vil tru at det framleis er mykje for meg å læra i photo shop, ettersom eg har forstått at dette programmet har langt meir å tilby enn det som blei vist på skulen denne dagen. I alle fall kan kan eg ikkje nok enda til å kunna undervisa i dette i praksis.

---------------------------------

Revidert 27.04.08

Som lærar er det utruleg kjekt å kunna laga animasjonar og kunna handtera eit biletbehandlingsprogram om Photo Shop. ITK blir jo berre meir og meir sentralt i skulen. Til dømes ser eg at samansette tekstar har ei eigen overskrift i læreplanen under kompetansemåla til norskfaget. Her er absolutt ein slik kunnskap relevant å ha som lærar når elevane skal laga slike digitale tekstar.

Her er min plakat. Eg tok utgangspunkt i eit bilete, ordna litt på fargane, og klipte og limte inn fleire detaljar som eg tok frå andre bildete som eg hadde tatt sjølv.

Praksisveke 46 og 47.

Så var det praksis igjen, og denne gangen skulle me i ilden sjølv. Eg må sei at eg grua meg veldig mykje, spesielt fyrste gongen eg sjølv skulle stå for ei undervisningsøkt. Det er jo litt spesielt fyrste gongen, eg plar jo alltid vera eleven, og no skulle eg plutseleg vera læraren. Det som eg merka meg godt i denne perioden var kor stort ansvar det er å vera lærar. Eg tenkte mykje etter eg hadde hatt ein time, om elevane hadde lært noko, om dei hadde fått noko utbytte av timen min.

I starten var eg kanskje litt pysete. Eg turde ikkje å lausriva meg heilt, og derfor tok eg ansvar for timar, saman med Mariann. Altså, at me hadde ansvar for timen i lag, sjølv om eg hadde ansvar for min del, og Mariann for sin del av timen. Det var likevel godt å veta at me var to om det, og at me støtta kvarandre dersom me stod fast, eller dersom noko gjekk gale. Når eg hadde prøvd meg litt, og blitt litt meir vant til undervisningssituasjonen, våga eg meg litt meir utpå.

Etter kvar undervisningsøkt, fekk me respons frå øvingslærar. Denne responsen fekk me i lag i praksisgruppa. Då gjekk me som regel gjennom dagen som heilhet, og så gjekk me innpå timane som me hadde hatt ansvar for. Me fekk stort sett berre positive tilbakemeldingar. Det hadde kanskje ikkje gjort noko om me hadde fått litt fleire konstruktive tilbakemeldingar. Me lærer jo tross alt ganske mykje av det og!

I denne perioden har me på praksisgruppa hatt eit svært godt og tett samarbeid. Me har planlagt øktene våre stort sett saman, og me har hjelp kvarandre heile vegen. Dette har for min del absolutt gjort det lettare for meg, spesielt i startfasen. Det er alltid godt å veta at det er hjelp å henta frå resten av praksisgruppa dersom ein treng det.

Denne gongen har me og fått tatt større del i planlegginga. Me har fått vore med på det faste teammøtet som er fekk kvar torsdag. Då skal neste veka og lekseplan fastsetjast. Her fekk me og komma med innspel, og endra på timeplanen dersom me hadde ynskje om det. Sjølv om timeplanen stort sett var lik frå veke til veke, så var det altså stort rom for endringar om nødvendig. Det er kanskje ikkje alltid like enklet, sidan alt skal gå opp i forhold til rom, lærarar og liknande.

No skal det bli kjekt med ein ny praksisperiode til våren, der er reknar med at det blir fleire utfordringar å ta av.


Ut på tur!

Fyrste dagen etter praksis gjekk me tur. Det var ein veldig kjekk dag, og ein ypparleg start på veka. Etter me hadde gått tur, samlast me alle heima hos Birgit. Der åt me nista vår, drakk varm kakao og så fekk me nysteikte vaflar. Medan me gjorde dette diskuterte me erfaringar frå praksis, på tvers av praksisgrupper og praksisskular. Det var veldig kjekt å høyre korleis andre hadde hatt det, og kva erfaringar dei hadde gjort seg.

søndag 25. november 2007

Undervisningsplanlegging

Det finnes vel inga fasit på kva god undervisning er. Men det finnes ti teser som seier noko om kva god undervisning bør innebera. At det skal vera samanheng mellom mål, innhald og metodevalg er klart svært viktig. Tesene om at læraren skal støtte den enkelte elev og at læraren skal bruka eit meiningsskapane språk i undervisninga er og heilt sentralt. Gode tilbakemeldingar frå elevane kan og vera utslagsgivande for å få til god undervisning i framtida. Det er tross alt dei som veit korleis dei lærer mest og best.

Det som er heilt grunnleggande for ei god økt er at læraren er godt forberedt til timen. Som lærar må ein ha eit mål for timen, og ha klart for seg kva som skal skje til ei kvar tid. Ein bør alltid ha ein plan B i bakhovudet dersom noko ikkje går som planlagt, og ein må ha klart ekstra arbeid til elevar som jobbar raskt. Etter kvart som ein lærer elevane å kjenne, vil ein lærar finna ut kva som skal til for å få ei vellykka økt i dei ulike klassane.

Denne økta fekk me utdelt diamantskjema av ulike slag. Skjemaet som langeland skule brukar til fyrste års studentane synes eg var veldig greitt. Sjølv om eg har forstått at lærarane i skulen ikkje skriv diamantskjema til alle timane sine, så ser eg veldig nytten av det. Ved å bruke dette trur eg at me som studentar vil komme inn i tankegongen for korleis me skal tenkje når me skal legge opp ein time. For lærarar med meir erfaring er vel dette blitt litt meir automatisert?

---------------------------------

Revidert 28.04.08

Ja, så litt meir om den didaktiske relasjonsmodellen (diamanten). Den er utvikla av Bjørndal og Lieberg, og denne finnes no i svært mange fagbøker, artiklar og forskningsrapportar som omhandlar didaktikk (Lyngsnes og Rismark).
Den didaktiske relasjonsmodellen inneheld desse kategoriane:

Læreforutetningar
Rammefaktorar
Mål
Innhald
Læringsaktivitetar
Vurdering

Læreforutsetningar: elevane kjem til skulen med forskjellige forventningar, kunnskap, erfaring, evner og ulike bakgrunn i heimen. For å planlegga på ein fleksibel måte, treng læraren mykje kunnskap om elevane, og deira interesser og evner.

Rammefaktorer: i ein skulesituasjon er det mange ting som på ulike måtar avgrensar seg eller muliggjer undervisning og læring. Nokon av desse rammefaktorane er gitt frå myndigheitenes side, og det kan til dømes vera klassestørrelsar og timeantall i faga. Det er mange andre ting som og ofte blir omtala som rammefaktorar. Det kan vera mangel på tid, naturressursar, lærebøker, rom, pengar og lærarar.

Mål: Kva har elevane lært? Det er alltid elevanes læring det skal setjast mål for. Det er viktig at elevane er klar over målet, kanskje kan dei vera med på å utarbeida desse måle sjølve? På langeland skule har klassen to mål kvar veke som dei skal nå. Desse måla står på lekseplanen, og på tavla på skulen gjennom heile veka. På denne måten er elevane alltid klar over kva målet for veka er. Kvar fredag har dei ein måltest, slik at dei blir testa om dei har nådd målet.

Innhald: innhald seier noko om kva arbeidet i skulen skal dreia seg om. Tre forhold som kan leggja premissane for utveljing av innhald: fagas eigenart, samfunnets interesse og elevanes behov.

Læringsaktivitetar: det handlar om den aktiviteten som føregår i læringssituasjonen, som er både undervisninga til læraren og arbeidet til elevane. Ulike metodar er og handlingsreiskapar og framgangsmåtar som lærar brukar for å leggja til rette for elevanes deltaking, forståing og læring.

Vurdering: vurdering er ein kontroll på at elevane har lært det dei skal læra og at dei har oppnådd kompetansen som var målet for opplæringa. Vurdering skjer undervegs i opplæringa og etter fullført opplæring.

(Lyngsnes og Rismark 2007)

Her er diamanten som me nytta på Langeland skule: